Boligpartner

BoligPartner i Sogndal - Sognehus AS søker tømrarar

Er du ein stolt tømrar? Som er kvalitetsbevisst og har erfaring med bygging av einebustad, fleirmannsbustad eller hytte? BoligPartner Sogndal - Sognehus opplever stor vekst og no søker vi etter sjølvstendige, dyktige tømrarlag og tømrerfirmaer til våre byggeprosjekt i Sogn og omegn.

BoligPartner sin forhandlar i Sogndal søker etter tømrarlag og firmaer som har eigne foretak, beherskar norsk/engelsk muntleg og skriftleg og er godkjente som ansvarleg utførande.

Aktuelle kommunar er Sogndal, Vik, Høyanger, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland, Hyllestad, Gulen og Solund.

Henvendelsar rettast til dagleg leiar:
Terje Hove Thorsnes
Tlf: 917 90 817
E-post:  terje.thorsnes@boligpartner.no

Dette kan vi tilby

BoligPartner er ein solid leverandør som er oppteken av høg sikkerheit på byggeplass, har gode rutinar og solide system. Les meir om alle våre fordelar her.

Eit trygt samarbeid

BoligPartner i Sogndal – Sognehus AS er ein trygg samarbeidspartner for deg og ditt tømrerlag. Hjå oss ventar mange, spanande oppdrag som alltid vil vere ferdig prosjektert og berekna før oppstart ute på byggeplass. Alt av materiale leverast direkte til byggeplassen, nøyaktig til det tidspunktet som er avtalt med tømrarane på førehand. For når de samarbeider med oss, kjem de til eit ferdig konsept der alle rutinar er på plass.

Sikkerheit i fokus

Sikkerheit og arbeidsmiljø på byggeplass er svært viktig for oss. Det er vi i Sognehus som leverer korrekte stillas til alle byggeplassar. Stillaset monterast av tømrar. Vi har en eigen HMS-koordinator som kontrollerer alt frå stillas, brakker på byggeplass, reingjøring og som ser til at tømrarane sine rettigheitar blir fulgt opp. Vi sørger også for at alle byggeplasser får eiga brakke med toalett.

Vi tek byggeleiinga

I Sognehus har vi eigen byggeleiar for alle byggeprosjekt. Byggeleiaren koordinerar alle underentreprenørar, kontrollerar framdrifta og sikrar kvaliteten gjennom heile prosessen. Det er byggeleiaren som er kundens kontaktperson, slik at alle tømrarane har fullt fokus på bygginga. 

Digitale byggeplassar

I BoligPartner brukar vi eit digitalt system som heiter  Fonn.  Dette gjer at ditt tømrarlag heile tida har enkel tilgang på viktig og nødvendig informasjon om byggeprosjektet – direkte via ein app på mobiltelefonen. I Fonn ligg alle sjekklister, inkludert tømrarane si sjekkliste for utførelse. Systemet er svært brukarvennleg, profesjonelt og effektivt.

Vi brukar precut-metoden

I BoligPartner ynskjer vi oss ein effektiv og nøyaktig byggeprosess. Derfor benyttar vi precut-metoden. Dette betyr at når komponentane til byggets bindingsverk leverast på tomta, er dei allerede ferdig kappet, frest og merka. Dette gir ei kortare byggetid. I tillegg blir det mindre avfall og kapp, noko som igjen gjere at ein får ein meir ryddig byggeplass.

Kontakt oss i dag

Ynskjer du å vite meir om fordelane du får ved å samarbeide med oss? Då håpar vi at du tar kontakt i dag.

Send e-post til dagleg leiar hjå BoligPartner Sogndal, Terje Hove Thorsnes:  terje.thorsnes@boligpartner.no

Store ferdighus - dette er vår herskapelige Holmgaard. Et populært hus som vi har bygget mange steder i landet.

Vil du vite meir om oss?

Vi er ein stolt BoligPartner-forhandlar. Les meir om Sognehus AS.

Klikk her