

Velkommen til Rindabotn Fjelltun
Rindabotn Fjelltun ligg sentralt i skråande terreng like aust for hovudnedfarten i Rindabotn i Sogndal Skisenter - Hodlekve.
Sogndal Skisenteret er idag det største i gamle Sogn og Fjordane, og er i ferd med å bli ein ettertrakta skidestinasjon for tilreisande frå heile Norden. Her kan du ta på deg skia utanfor hytteveggen og skli rett ned i heisanlegget kvar einaste dag, vinteren gjennom!
Vi tilbyr:
- privatvisning i ferdigstilte hytter.
- priskampanje - 100 000,- i rabatt, eller oppgraderingar i hytte 5, 13 og 14.

Eit lite fotavtrykk i terrenget
I BoligPartner er vi opptekne av å kunne tilpasse våre hytter etter terrenget dei skal byggast i. I Rindabotn Fjelltun er terrenget bratt og saman med den utfordringa har våre arkitektar tilpassa V-hytteserien, slik at dei kunne byggast på stolper i front. Med bakgrunn i dette grepet unngår ein samtidig store terrenginngrep, tek vare på naturen, og hyttene glir fint inn i landskapet.
Moderne hytter med store vindauger
Hyttene er like, og det er prioritert gode og vedlikehaldsfrie materialval. Her får du innflyttingsklare hytter i lune fargar og tidsrette materialar. Hyttene har smarte planløysingar, og rommar alt ein treng for ei mange minnerike og kjekke hytteturar.
Når du kjem inn ytterdøra og inn gjennom entréen, får du oppleva at naturen kjem inn i hytta gjennom dei store vindaugsflatene i front. Den opne takløysinga i stova gir deg ei kjensle av å vere ute i skibakken, samtidig som du kan finne fullstendig ro i sinnet saman med kaffikoppen din. Det er fokusert på lune materialval og fargar, med ein gjennomført hyttestil, akkurat slik me veit kundane våre likar.
I himling og på vegg finn du beisa panel i lik dimensjon, for eit roleg og heilskapeleg utrykk. Listverk og foringar blir levert i lik farge. Golv i entrè og på bad blir flisa, og i alle andre rom er det laminat av god kvalitet. Kjøkenløysing i ein lun gråfarge, og peisovn for å oppnå den maksimale hyttekosen.
Be om detaljert leveransebeskrivelse ved interesse.