
Smaleråsa bustadfelt kjem for sal!
Visning 26. mai kl. 15.30-16.30
Det blir då mogleg å sjå tomta bustadene skal byggjast på og dessutan nokre av våre andre prosjekta i same område.
Trykk på knappane under for meir informasjon om dei ledige bustadene i området.

Sentrumsnært med fantastisk utsikt
Bustadane som er planlagde her får ei flott og usjenert utsikt i ei gate utan gjennomgangstrafikk. Bustadane er plassert nedst i bustadfeltet og herifrå er det trygg og kort veg til sentrum, barnehagar og skular.
Er du glad i å vera ute i naturen? Frå Smaleråsa er det kort veg til flotte naturopplevingar i nærområde.
Ønskjer du vera først ute med å få informasjon om bustadfeltet? Meld di interesse allereie no.
Meld di interesse for Smaleråsa allereie no!
Vegard Meland
969 04 788
Send e-post
Ein smakebit på bustadtype
Her er det planlagt både rekkjehus og leilegheiter i størrelsesorden 80-120 kvm tilpassa ulike behov.
Bustadane vil få eit moderne uttrykk med store vindaugsflater som gjev godt med lys og utsikt. Her vert det høgt under taket med ei romsleg og luftig kjensle. Vi har fokusert på praktiske og godt utnytta planløysingar med ulike soner.
Bustadene vil få 3-4 soverom der eitt av romma eventuelt kan brukast som gjesterom, treningsrom eller heimekontor. Nokre av leilegheitene får alt på ei flate. Her er det fleire moglegheiter. Alle einingane har ei open stove- og kjøkkenløysing og ein flott uteplass med fantastisk utsikt mot Nordfjordeid. På bustadfeltet vert det også gode parkeringsordningar og gå-avstand til sentrum.
Skisse av rekkjehusa

Skisse av vertikal/horisontaldelt bustad

Kvifor busetje seg på Nordfordeid
Nordfjordeid er ein tettstad som ligg mellom fjordar og fjell, noko som gir gode moglegheiter for friluftsliv og utandørsaktivitetar. Nordfjordeid består av eit godt utval butikkar, restaurantar og andre servicetilbod - her har du alt du treng. Er du glad i kultur er dette plassen for deg. På Nordfjordeid kan du oppleve fleire arrangement og festivalar i løpet av året. Her har du mellom anna eige Operahus som husar konsertar, teaterframsyningar og andre kulturelle arrangement.

Meld di interesse for Smaleråsa allereie no!
Vegard Meland
969 04 788
Send e-post

Husbank - eit gunstig bustadlån
Du kan søkja om lån frå Husbanken til å byggja nytt hus. Bustadkonsulentane våre hjelper deg gjerne med å sjå nærare på føresetnadene for lån og kva krav Husbanken stiller til bustaden.