Hytte i Sogndal Skisenter - Hodlekve. (Illustrasjon: Kvarstad frå BoligPartner)
Hodlekve, 6856 SOGNDAL

KVARSTAD - Byggjesøkt og godkjend hytte for sal. Tomt, grunn- og betongarbeid, er inkludert!

Pris

kr 3 500 000,-

  • Boligtype
    Hytte
  • Bruksareal (BRA)
    65 m2
  • Soverom
    3
Neste visning

Etter avtale

Passer ikke oppsatt visning?

Avtal visning
Kontakt

Hodlekve
6856 SOGNDAL

Loading map...

Kort om eiendommen

Vi har to ledige hyttetomter, der vi på tomt gbnr. 54/37 har byggesøkt fått løyve til å føre opp ei Kvarstad-hytte.

Tomta ligg like ved Neumann-trekket og har ski inn og ski-ut. I dette området kjem ein litt for seg sjølv, samtidig som ein framleis har tilgang på alt som Hodlekve byr på.

Det er utarbeida felles situasjonsplan saman med eigar av gbnr. 54/38, der vegtilkomsten til denne tomta går over 54/37. Det og planlagt felles parkeringsplass for begge tomtene på 54/38. Sjå situasjonsplan i bildekarusell.

I denne annonsa har vi som vanleg inkludert tomt, grunn og gravearbeid, slik at du som kjøpar skal få eit reelt bilete av kva dette kostar.

Tomt:
Gbnr. 54/37
Tomtekostnad kr 700 000,-
Dokumentavgift av tomtepris kjem i tillegg (2,5%).

Grunnarbeid:
Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 350 000,-, og basert på erfaringstal frå området. Vi tek imidlertid atterhald om spesielle grunnforhold. Opparbeiding av natursteinsmurar kjem evt. i tillegg.

I denne annonsa har vi lagt inn standard materialval for denne hytteserien:
- 5 bords kostemalte plater
- Flislagt golv i entré (30*60cm).
- Laminatgolv i alle tørre rom.
- Flislagt baderomsgolv, med baderomsplater på vegg.
- 3-lags vinduager
- Dobbelkrumma ru betongtakstein (svart eller raud)
- Komplett elektrikar-installasjon frå grunnarbeid til ferdig installert hytte, ihht. NEK 400:2018, inkludert m.a. inne- og utebelysning, samt varmekablar på våtrom og gang.
- Komplett røyrleggjarleveranse, med m.a. baderomsmøblar i frå Viking Bad.
- Komplett betongleveranse
- Lotus Mondo 2 buet svart, NVI Stålpipe og 6mm dråpeforma underlagsplate herda glas
- Handtering av byggavfall under byggjeprosess
- Byggvask etter ferdigstilling
- Teikning/prosjektering
- Byggesøknad
- Byggforsikring frå oppstart til overlevering, samt alle lovpålagde garantiar(§12 og §47)

Vi jobbar alltid for at kunden skal vere nøgd, og då er vi på same tid fleksible ifht. kunden sine ynskjer og krav. Endringar på hytta, endringar på materialval og eigeninnsats er vi sjølvsagt opne for. Det er fantasien, kreativiteten og lommeboka som set grenser for korleis akkurat ditt hytteprosjekt skal sjå ut, og lande finansielt. Vi hjelper deg gjerne på vegen til din hyttedraum!

Vi har allereie rukke og ferdigstillle over 30 hytter og leilegheiter her i Hodlekvè som du kan få sjå nærare på, enten frå vegen eller ved at vi tek deg med på visning. Alle hyttene vi har bygd i Hodlekve er frå hyttekatalogen til BoligPartner, og dei aller fleste er tilpassa etter den enkelte kundes ynskjer og behov. Vi koordinerar alle underleverandørar, tek oss av heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.

Om boligen

Velkomen inn i Kvarstad - ei moderne hytte med gode løysingar- Hytta har totalt eit bruksareal på 65 kvadratmeter. Her finn du to soverom, bad/vaskerom, romsleg og praktisk innebod, samt eit lyst og hyggjeleg kjøken- og stoveområde.

Hytta har 19 bonus-kvadratmeter i den smarte hemsløysinga. Der oppe får ein ekstra tumleplass, enten ein treng arealet til tv-krok, eller ekstra sengeplassar. Med sin flott takhøgde på 1,89 meter, bidreg hemsen til stor trivsel. Kvarstad har store vindauger, som slepp mykje lys inn og gir eit formidabetl utsyn til naturen utanfor.

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve. Området er kjend for sine mange moglegheiter i laussnø og på preparert snø, då området er særs snøsikkert heile vinteren gjennom.

Sumarstid er området eit fantastisk utgangspunkt for sykkel og gåturar. Med tilrettelagd sykkelløype/park og mange merka turløyper er du sikra mange aktive val for alle aldersgrupper. Utover hausten kan ein hauste av det fjellet gir, slik som bærsanking, fiske- og jakt-turar.

10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med rikhaldig utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling.

Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Oppvarming

- Komplett leveranse på Opus Ignis med svart ventilert stålpipe frå Nordpeis.
- Varmekablar på bad/vask.
- Opplegg for panelovnar på vegg.

Vedlegg

Sjå lenke til kjøkkenteikningar.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste årlege kostnadar ifbm. tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort i Sogndal skisenter
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar. er estimert til kr. 7500,-

Ta kontakt med oss

Gå til salgskontor

Meld interesse

Jeg vil gjerne bli kontaktet og holdt oppdatert om dette prosjektet.