Hytte i Sogndal Skisenter - Hodlekve. (Illustrasjon: RO frå Boligpartner)
Hodlekve, 6856 SOGNDAL

RO 1 - Det enkle er ofte det beste. Ny prisgunstig hytte! Tomt, grunn- og betongarbeid, er inkludert!

Pris

kr 3 150 000,-

  • Boligtype
    Hytte
  • Bruksareal (BRA)
    69 m2
  • Soverom
    2
Neste visning

Etter avtale

Passer ikke oppsatt visning?

Avtal visning
Kontakt

Eksterne lenker:

Hodlekve
6856 SOGNDAL

Loading map...

Kort om eiendommen

Vi har to ledige byggjeklare tomter ved Hodlekvè Skisenter. Det er ikkje att tomtar i denne prisklassen her! Med tanke på opparbeiding ligg tomtene fint til i lett skråande terreng. I tillegg ligg dei godt i le for vind, samtidig som ein beheld det majestetiske utsynet som Hodlekve er kjend for.

På desse tomtene kan vi mellom anna byggje BoligPartner si mest prisgunstige hytte "RO 1", og det er denne hytta vi presenterer her.

Vi har allereie rukke og ferdigstillle over 30 hytter og leilegheiter her i Hodlekvè som du kan få sjå nærare på, enten frå vegen eller ved at vi tek deg med inn. Alle hyttene vi har bygd i Hodlekve er frå hyttekatalogen til BoligPartner, og dei aller fleste er tilpassa etter den enkelte kundes ynskjer og behov. Vi koordinerar alle underleverandørar, tek oss av heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.

I denne annonsa har vi inkludert alt, slik at du som kunde skal få eit transparent og presist bilete av kva RO1 vil koste totalt. Ta berre ein kik på kva me har lagt inn som standard for hytta her:

- Ferdig beisa innvendig vegg-, takpanel og listverk, valfri farge innafor standard fargeutval.
- Flislagt golv i entré (30*60cm).
- Laminatgolv i alle tørre rom.
- Komplett kvalitets-kjøken frå AUBO, ferdig montert (til ein verdi av 100.000,-)
- Flislagt baderomsgolv, med baderomsplater på vegg.
- Opus Ignis peisovn, og stålpipe frå Nordpeis
- 2-lags vinduage med energispareglass
- Ytterkledning er grunna m/farge.
- Takshingel
- Komplett elektrikar-installasjon frå grunnarbeid til ferdig installert hytte, ihht. NEK 400:2018, inkludert m.a. inne- og utebelysning, samt varmekablar på våtrom og gang.
- Komplett røyrleggjarleveranse, med m.a. baderomsmøblar i frå Viking Bad.
- Komplett betongleveranse
- Handtering av byggavfall under byggjeprosess
- Byggvask etter ferdigstilling
- Teikning/prosjektering
- Byggesøknad
- Byggforsikring frå oppstart til overlevering, samt alle lovpålagde garantiar(§12 og §47)

Tilvalg/frådrag:
Ettersom vi har prisa hytta som komplett, er alt du treng og litt til, inkludert. Standarden er med dette sett til høg og basert på det me opplever at mange hyttekundar ynskjer inkludere. Ingen overraskingar for kunden, og ein kan lett gjere fleire val som tek sluttsummen nedover. Vi jobbar alltid for at kunden skal vere nøgd, og då er vi på same tid veldig fleksible, og lydhøyre ifht. kunden sine ynskjer og krav. Endringar på hytta, endringar på materialvalg og eigeninnsats er vi sjølvsagt opne for. Det er fantasien, kreativiteten og lommeboka som set grenser for korleis akkurat ditt hytteprosjekt skal sjå ut, og lande finansielt. Vi hjelper deg meir enn gjerne på vegen til din hyttedraum!

Tomt:
Denne annonsa gjeld tomt med gbnr. 19/200 eller 19/201.
Tomtekostnad kr 900 000,- og opparbeiding av tomt er inkludert i prisantydninga. Dokumentavgift av tomtepris kjem i tillegg (2,5%). Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 300 000,-, og basert på erfaringstal, vi tek atterhald om grunnforhold.

Om boligen

Hyttedraumar er ikkje alltid heilt like. Nokre draumar om veldig store - andre er mindre. For mange av oss, er draumen om det enkle hyttelivet den aller største.

No har BoligPartner sine atkitektar utvikla ein heilt ny modell som passar godt saman med det gode, enkle hyttelivet. Hyttemodellen Ro er ikkje so stor, men den er romsleg og har plass til akkurat det du har behov for. Hytta har og ei rein og enkel form. Dette er heilt klart ei praktisk og fin hytte, samtidig som den også er den mest prisgunstige hyttemodellen vi har.

Med hytta RO, ynskjer me gi endå fleire moglegheita til å realisere hyttedraumen sin. Hytta passa perfekt for alle som er glade i friluftslivet og som lengtar etter å ha sin heilt eigen fristad.

Hyttemodellen Ro kjem med fire ulike planløysingar. Det er viktig å presisere at me enkelt kan endre og skreddarsy hytta etter dine ynskjer og behov.

- RO1 (60 kvm i bruksareal)
- RO 1 med hems (69 kvm i bruksareal)
- RO 2 (86 kvm i bruksareal)
- RO 2 med hems (86 kvm i bruksareal)

RO 1 er den minste av dei fire variantane av hytta. Den inneheld ein romsleg gang, med god plass til garderobeskap. Vidare gar hytta to soverom, og eit bad med plass til vaskemaskin. Hytta har ein veldig luftig og open kjøken- og stoveløysing på over 30 kvadratmeter. Det er direkte utgang til uteplassen. Hytta har og ein praktisk bod for oppbevaring av sportsutstyr.

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve. Området er kjend for sine mange moglegheiter i laussnø og på preparert snø, då området er særs snøsikkert heile vinteren gjennom.

Sumarstid er området eit fantastisk utgangspunkt for sykkel og gåturar. Med tilrettelagd sykkelløype/park og mange merka turløyper er du sikra mange aktive val for alle aldersgrupper. Utover hausten kan ein hauste av det fjellet gir, slik som bærsanking, fiske- og jakt-turar.

10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med rikhaldig utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling.

Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Oppvarming

- Komplett leveranse på Opus Ignis med svart ventilert stålpipe frå Nordpeis.
- Varmekablar på bad/vask.
- Opplegg for panelovnar på vegg.

Vedlegg

Sjå lenke til kjøkkenteikningar.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste årlege kostnadar ifbm. tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort i Sogndal skisenter
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar. er estimert til kr. 7500,-

Ta kontakt med oss

Gå til salgskontor

Meld interesse

Jeg vil gjerne bli kontaktet og holdt oppdatert om dette prosjektet.

Flere boliger fra Sognehus AS