Hytte i Sogndal Skisenter - Hodlekve. (Illustrasjon: Sletthø frå BoligPartner)
Hodlekve, 6856 SOGNDAL

SLETTHØ - Nøkkelferdig hytte for storfamilien. Høg standard! Tomt, grunn- og betongarbeid, er inkludert!

Pris

kr 4 450 000,-

  • Boligtype
    Hytte
  • Bruksareal (BRA)
    127 m2
  • Soverom
    4
Neste visning

Etter avtale

Passer ikke oppsatt visning?

Avtal visning
Kontakt

Eksterne lenker:

Hodlekve
6856 SOGNDAL

Loading map...

Plantegninger

Kort om eiendommen

Vi har to ledige byggjeklare tomter ved Hodlekvè Skisenter, og dette er dei to siste i denne prisklassen! Med tanke på opparbeiding ligg tomtene fint til i lett skråande terreng. I tillegg ligg dei godt i le for vind, samtidig som ein beheld den majestetiske utsikten som Hodlekve er kjend for.

På desse tomtene kan vi mellom anna byggje hytta "Sletthø" frå BoligPartner, og det er denne som vert presentert her.

Vi har allereie rukke og ferdigstillle over 30 hytter og leilegheiter her i Hodlekvè som du kan få sjå nærare på, enten frå vegen eller ved at vi tek deg med inn. Alle hyttene vi har bygd i Hodlekve er frå hyttekatalogen til BoligPartner, og dei aller fleste er tilpassa etter den enkelte kundes ynskjer og behov. Vi koordinerar alle underleverandørar, tek oss av heile søknadsprosessen og hjelper til med å få plassert hytta optimalt på tomta.

I denne annonsa har vi inkludert alt, slik at du som kunde skal få eit transparent og presist bilete av kva Sletthø vil koste totalt. Ta berre ein kik på kva me har lagt inn som standard for hytta her:

- Ferdig beisa innvendig vegg-, takpanel og listverk i valfri farge, innafor standard fargeutval.
- Flislagt golv i entré (30*60cm).
- Laminatgolv i alle tørre rom.
- Komplett kvalitets-kjøken frå AUBO, ferdig montert (til ein verdi av 109.199,-)
- Flislagt baderomsgolv, med baderomsplater på vegg.
- Opus Ignis peisovn, og stålpipe frå Nordpeis
- 3-lags vinduage med energispareglass
- Valfri ytterkledning. Du kan velgje mellom Ultimalt (grunning + 2 toppstrøk, sopp og råtebehandla), Malmfuru og Royalimpregnert.
- Takshingel
- Komplett elektrikar-installasjon frå grunnarbeid til ferdig installert hytte, ihht. NEK 400:2018, inkludert m.a. inne- og utebelysning, samt varmekablar på våtrom og gang.
- Komplett røyrleggjarleveranse, med m.a. baderomsmøblar i frå Viking Bad.
- Komplett betongleveranse
- Handtering av byggavfall under byggjeprosess
- Byggvask etter ferdigstilling
- Teikning/prosjektering
- Byggesøknad
- Byggforsikring frå oppstart til overlevering, samt alle lovpålagde garantiar(§12 og §47)

Tilvalg/frådrag:
Ettersom vi har prisa hytta som komplett, er alt du treng og litt til, inkludert. Standarden er med dette sett til høg og basert på det me opplever at mange hyttekundar ynskjer inkludere. Ingen overraskingar for deg som kunde, og ein kan lett gjere fleire val som tek sluttsummen nedover. Vi jobbar alltid for at kunden skal vere nøgd, og då er vi på same tid veldig fleksible, og lydhøyre ifht. kunden sine ynskjer og krav. Endringar på hytta, materialvalg og eigeninnsats er vi sjølvsagt opne for. Det er fantasien, kreativiteten og lommeboka som set grenser for korleis akkurat ditt hytteprosjekt skal sjå ut, og lande finansielt. Vi hjelper deg meir enn gjerne på vegen til din hyttedraum!


Tomt:
Denne annonsa gjeld tomt med gbnr. 19/200 eller 19/201.
Tomtekostnad kr 900 000,- og opparbeiding av tomt er inkludert i prisantydninga. Dokumentavgift av tomtepris kjem i tillegg (2,5%). Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 300 000,-, og basert på erfaringstal, vi tek atterhald om grunnforhold.

Om boligen

Med heile fire soverom og ei romsleg oppstove, er Sletthø mange familiar si draumehytte.
Tenk deg kjensla av å sitte oppe i den lune oppstova, medan du let augene kvile på snødekte fjelltoppar i horisonten. Dei store vindaugsflatene, som strekker seg frå golv til tak tek naturen rett inn i hytta.

Med eit bruksareal på 127 kvadratmeter er du sikra stor fleksibilitet og rom til å verkeleg nyte herlige fridagar på hytta. Det opne kjøken- og stoveområdet er på heile 45 kvadratmeter. Langbordet vert eit naturleg samlingsplass for familie og vener medan eit varmt lys spreiar seg mjukt inn i rommet frå den stemningsfulle peisomnen i hjørna.

Terrassedøra i stova tek deg direkte ut til den overbygde uteplassen, slik at du kan nyte dagane utandørs, uansett vær. Sletthø har også ein praktisk sportsbod og ein romsleg inngangshall. Ønskjer du ekstra lagringsplass, kan ein fint nytte plassen under trappa.

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve. Området er kjend for sine mange moglegheiter i laussnø og på preparert snø, då området er særs snøsikkert heile vinteren gjennom.

Sumarstid er området eit fantastisk utgangspunkt for sykkel og gåturar. Med tilrettelagd sykkelløype/park og mange merka turløyper er du sikra mange aktive val for alle aldersgrupper. Utover hausten kan ein hauste av det fjellet gir, slik som bærsanking, fiske- og jakt-turar.

10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med rikhaldig utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling.

Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Oppvarming

- Komplett leveranse på Opus Ignis med svart ventilert stålpipe frå Nordpeis.
- Varmekablar på bad/vask., entrè og bod.
- Opplegg for panelovnar på vegg.

Vedlegg

Sjå lenke til kjøkkenteikningar.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste årlege kostnadar ifbm. tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort i Sogndal skisenter
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar. er estimert til kr. 7500,-

Ta kontakt med oss

Gå til salgskontor

Meld interesse

Jeg vil gjerne bli kontaktet og holdt oppdatert om dette prosjektet.

Flere boliger fra Sognehus AS