Midthø (illustrasjon)
Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Flott familiehytte av typen Midthø i Hodlekve! Populær hyttemodell med eit bruksareal på 78 m2.

Pris

kr 2 790 000,-

  • Boligtype
    Hytte
  • Bruksareal (BRA)
    91 m2
  • Soverom
    3
Neste visning

Etter avtale

Passer ikke oppsatt visning?

Kontakt

Hodlekve
6856 SOGNDAL

Loading map...

Plantegninger

Om boligen

Midthø har eit totalt bruksareal på 91 kvadratmeter og passar godt inn på mindre tomtar. Hytta rommar tre soverom, bad og ein romsleg inngangshall. I tillegg har Midthø ein praktisk hems med ekstra sengeplassar slik at ein enkelt kan invitera med seg familie og vener på hyttetur.
Takhøgda er på nesten fem meter og mange, store vindaugsflate, er dette med på å skape ein lys og luftig følelse i det herlege kjøken- og stoveområdet i Midthø. Dette er den sosiale sona i denne tradisjonelle hytta, som har ein svært god og praktisk planløysing. Frå kjøkkenet er det også direkte utgang til overbygd uteplass. Heilt perfekt! Som alternativ kan ein utvida denne delen slik at overbygget inngår i stove-kjøken delen!

Dette er ei flott familiehytte med plass til alt du treng av ski, syklar og anna utstyr. Her får du eigen sportsbod og frå inngangshallen er det dør direkte til ein innvendig bod med god lagringsplass.


Opplev Midthø-modellen frå innsida med denne VR-visninga:
https://boligpartner.no/hytte/karakter/midth%C3%B8

Standard

Leveransebeskrivelse:
Hytta blir levert innflyttingsklar, og prisen inkluderar betongleveranse, røyrleggjar- og elektrikarleveranse samt overflater og utstyr iht leveransebeskrivelsar/romskjema. Me tek av oss heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad kr 900 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt stipulert til kr 300 000,-.

Kjøkken:
Du får med eit verdikort frå JKE Design Førde på kr 100 000,- slik at du står fritt til å velje det kjøkkenet du likar best.
Blandebatteri og opplegg for oppvaskmaskin er inkludert, kvitevarer kjem i tillegg.

Bad:
Flis av typen Demireks Exil Grey 20 x 20 på golv.
Baderomsplater av typen 3091-F23 HG Denver White Fortissimo på vegg.
Blir levert med bl.a. blandebatteri, dusjgarnityr, dusjdørar, baderomsdisk med spegel og lys, golvmontert toalett.

Dør:
Til Midthø vert det levert dørtypen BP 211-S1 med karm i samme farge som dørblad. Farge iht. leverandøren sine standard fargar og utforing MDF kvitmalt. Ytterdør med hardved terskel, låskasse med sylindar og handtak, forkromma og matt iht. fasadeteikningar.

Til bod vert det levert isolert dør og karm med samme farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.

Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.

Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med 3 speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Grunna transparang utvendig kledning iht. teikning 1:100. Panelender og baksider samt synlege spikarhovud vert ikkje behandla. Kledning er mogleg å få levert med eit mellomstrøk som tilval. I Karakter-serien vert det nytta panel av typen dobbelfalset liggende 19 x 148, ny type.

Innvendig kledning vegg:
Som standard leveres stående kledning 14 x 145 mm skygge skrå furu, natur ubehandlet.

Taktekking:
Pappshingel type mørk skrå vert levert som standard. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Himlingskledning:
Beisa faspanel i furu 12 x 120.

Golv:
Laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom.

Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, kvitmåla. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister, i kvitmåla profilert type 15 x 70. Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapper:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring. Spiler, håndrekke, vanger og trimm i lakkert furu. Hemsstige levert i lakkert furu. Som tilval kan spiler, håndrekke og vanger leverast som fabrikkmalt kvit med trinn i lakkert eik. Sambatrapp kan også leverast som tilval.

Oppvarming:
Komplett leveranse på Ovn Uno 5 Nordpeis med svart stålpipe.
Varmekablar på begge bad, bod og entrè.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Gjeld tomt med gnr/brn 19/200 eller 19/201.
Tomtekostnad kr 900 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 300 000,-.





Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske. 10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste kostnadar ifm tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort kvart år i Sogndal skisenter - Hodlekve sitt alpinanlegg
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar

Ta kontakt med oss

Gå til salgskontor

Meld interesse

Jeg vil gjerne bli kontaktet og holdt oppdatert om dette prosjektet.