Ny hytte frå BoligPartner med urnorsk bærekraft! Med hytta V1 går me tilbake til våre solide byggeskikkar, med malmfuru!

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Pris

kr 2 464 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 464 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 63 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 1

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Bredbåndstilknytning

Beliggenhet

Ca 1 time frå Voss ligg Vik Fjellandsby. Her er det flott utsikt mot Vikøyri og Sognefjorden med nydeleg turterreng like utanfor hyttedøra. Med Vik Skisenter like ved og Myrkdalen ein 30min bil tur vekke, er det gode ski-moglegheitar i området.

Nede på Vikøyri er det mogelgheit for å kjøpe eller leige båtplass i Vik båthavn. Her ligg det òg lokale butikkar, vinmonopol, pub, hotell, kafèar og badestrand.

Det er moglegheit for å fiske etter aure eller gå på merka turstiar på Vikafjellet, ca 10-15 min i bil frå Fjellandsbyen.

Sjå heimesida til Vik Fjellandsby for meir informasjon og bilete av tomtene.

Beskrivelse av boligen

Slik våre forfedre valde ut sine beste malmfurutre, løftar me dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur. Så ekte og nært. Så solid og tradisjonsrikt.

I konsept V går me tilbake til våre solide byggeskikkar, og vel den miljøvenlege malmfurua til våre hytter. Her sørger naturen si ega impregnering for at du slipp kunstig overflatebehandling.

Malmfurua har ein høg andel av den feite kjerneveden som gir naturen si eiga impregnering mot vatn og sopp. Og du får ei tilnærma vedlikeholdsfri og solid kledning på hytta.

Trematerialet har ulike fargenyansar i seg og på dei mest værutsatte delane av hytta blir fasaden ulik enn på meir beskytta områder. Over tid skapar naturkreftene denne sølvgrå fargen som spelar så fint i harmoni med omgivnadane rundt hytta.

Me er stolte av å trekke kulturhistoria med oss inn i notida. Difor byggjer me med tanke på framtida og gir deg Konsept V – med naturen si ega motstandsdyktigheit.


V1 gir eit lite fotavtrykk på tomta, og opnar opp for ei kreativ og kanskje minimalistisk innreiing for maksimal komfort. Korleis hytta skal nyttast, ynskjer me at skal vere opp til deg. Våre arkitektar har skapt løysingar som er dimensjonert til å romme mykje – akkurat kva bestem du.
Inngongspartiet til V1 er romsleg med ein god garderobeplass. Takhøgda på over fire meter og mange, store vindaugsflater skapar ei lys og luftig kjensle i hytta sitt største opphaldsrom. Du finn eit stort og godt bad samt eit større soverom som kan innreiast på ulike måtar. Via trapp kjem du opp til hemsen med eit areal på 30 kvadratmeter som gir deg ein ekstra fleksibilitet, enten dette er soveplass til gjester eller generell lagringsplass. Ditt val.

Arealer (kvm):
Bruksareal hytte: 51
Tilleggsareal utvendig: 12,
Totalt bruksareal: 63,1
Bebygd areal (BYA): 75

Innhold

Hovudplan:
Stove/kjøken, soverom, entrè og bad.
+ Hems

Adkomst

Vik Fjellandsby ligg ved rv13 i Vik i Sogn, like ved Vik Skisenter.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste kostnadar ifm tomt:
Ca kr 750,- pr mnd som dekker bla. brøyting av veg, eitt skikort til skitrekk, vedlikehald av felles veg samt vatn- og kloakkanlegg. Fellesutgiftene blir fakturert og administrert av Vik Fjellandsby.
Sjå www.vikfjellandsby.no for nærare informasjon.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Loading map...

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS