Me løfter dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur! Miljøvenleg og bærekraftig hyttekonsept; V2!

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Pris

kr 2 637 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 637 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 74 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 2

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Bredbåndstilknytning

Beliggenhet

Ca 1 time frå Voss ligg Vik Fjellandsby. Her er det flott utsikt mot Vikøyri og Sognefjorden med nydeleg turterreng like utanfor hyttedøra. Med Vik Skisenter like ved og Myrkdalen ein 30min bil tur vekke, er det gode ski-moglegheitar i området.

Nede på Vikøyri er det mogelgheit for å kjøpe eller leige båtplass i Vik båthavn. Her ligg det òg lokale butikkar, vinmonopol, pub, hotell, kafèar og badestrand.

Det er moglegheit for å fiske etter aure eller gå på merka turstiar på Vikafjellet, ca 10-15 min i bil frå Fjellandsbyen.

Sjå heimesida til Vik Fjellandsby for meir informasjon og bilete av tomtene.

Beskrivelse av boligen

Slik våre forfedre valde ut sine beste malmfurutre, løftar me dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur. Så ekte og nært. Så solid og tradisjonsrikt.

I konsept V går me tilbake til våre solide byggeskikkar, og vel den miljøvenlege malmfurua til våre hytter. Her sørger naturen si ega impregnering for at du slipp kunstig overflatebehandling.

Malmfurua har ein høg andel av den feite kjerneveden som gir naturen si eiga impregnering mot vatn og sopp. Og du får ei tilnærma vedlikeholdsfri og solid kledning på hytta.

Trematerialet har ulike fargenyansar i seg og på dei mest værutsatte delane av hytta blir fasaden ulik enn på meir beskytta områder. Over tid skapar naturkreftene denne sølvgrå fargen som spelar så fint i harmoni med omgivnadane rundt hytta.

Me er stolte av å trekke kulturhistoria med oss inn i notida. Difor byggjer me med tanke på framtida og gir deg Konsept V – med naturen si ega motstandsdyktigheit.


V2 er ein utvida modell samanlikna med V1. Det gir eit større areal og fleire rom som opnar for mange spanande moglegheitar. Korleis dei skal takast i bruk, er heilt opp til deg.
Inngangspartiet til V2 har ein romsleg garderobe og herfra blir du leia inn til eit rom som kan bli di sosiale sone og/eller soverom/bod/TV-stove. Me har kalla det eit fleirbruksrom – fordi du tek dette rommet i bruk slik du ynskjer det. Det er òg areal til eit baderom.
Via trapp kjem du opp til hemsen med eit areal på 40 kvadratmeter som gir deg ekstra flekibilitet i forhald til bruk som opphaldsrom eller kanskje soveplassar til hyttegjester.

Arealer (kvm):
Bruksareal hytte: 74
Tilleggsareal utvendig: 12,1
Totalt bruksareal: 86,1
Bebygd areal (BYA): 87

Standard

Leveransebeskrivelse:
Hytta vil bli levert innflyttingsklar! Det vil seie at me leverer og setter opp ferdig hytte der òg betongleveranse, røyrleggjar, elektro, flis-legging, kjøkeninnreiing og ildstad er inkludert i vår totalleveranse. Nedanfor ser du ei detaljert liste over kva leveransen inneheld. Me tek oss av heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad kr 945 000,-, samt opparbeiding tomt (ca kr 300 000,-) og omkostningar kjem i tillegg.

Overflater:
- Utvendig kledning i malmfuru
- Innvendig panel er ståande sprekkpanel 14x120mm beisa i standard farge
- Taktekking er Royalbehandla klar
- Innedører måla i valfri NCS farge
- Vindauga blir levert med karm og ramme målt i farge NCS 7500 S
- Utforingar blir måla i dør- og/eller vindaugsfarge, eller beisa i list- eller panelfarge
- Trapp med spieler, handrekke, vangar og trinn i lakkert furu
- Innvendig belisting beisa i standard farge
- Baderomsplater på vegg i bad Marcato 7976 SC Rough Wood F00
- Impregnert plattning framfor inngang og under overbygd terasse
- Ytterdør spesialdesign PT 300 G i NCS 7500 S

Elektro:
- NEK 400
- Elektriske avtrekksvifter frå bad
- Varmekablar der det er flis på golv
- Utelampe
- Taklamper på soverom, bod, gang, hems. Armatur under overskap kjøken

Røyrleggjar:
- Innvendig røyrleggjararbeid
- Varmtvannsberedar
- Kjøkenarmatur
- Baderomsinnreiing med servant og armatur
- Golvståande toalett
- Dusjvegger
- Røyr-i-røyr skap
- Konsoll for vatnmålar
- Utekran
- Automatisk vatnstoppar med 1 følar

Flis/mur:
- Bad: flis 20x20 på golv,
sparkla for fall og sokkelflis
- Entrè og fleirbruksrom: 30x60 flisar på golv

Parkett:
- 3stavs lysekvit eikeparkett stove/kjøken, soverom, gang og hems

Ildstad:
- Peisomn med stålpipe

Kjøken:
- Verdikort fra JKE Design Førde på kr 75 000,-. Kvitevarer kjem i tillegg.

Tilval:
For detaljar rundt dei konkrete tilvalsløysingane vil me anbefale å ta kontakt med vår hyttekonsulent. Løysingane er presentert i konseptbrosjyren.

Innhold

Hovudplan:
Stove/kjøken, 2 soverom, bad, entrè, gang og fleirbruksrom.
+ Hems.

Adkomst

Vik Fjellandsby ligg ved rv13 i Vik i Sogn, like ved Vik Skisenter.

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS