Familievenleg hytte av typen Nysetra i Vik Fjellandsby!

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Pris

kr 2 770 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 770 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 78 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 2

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt

Beliggenhet

Ca 1 time frå Voss ligg Vik Fjellandsby. Her er det flott utsikt mot Vikøyri og Sognefjorden med nydeleg turterreng like utanfor hyttedøra. Med Vik Skisenter like ved og Myrkdalen ein 30min bil tur vekke, er det gode ski-moglegheitar i området.

Nede på Vikøyri er det mogelgheit for å kjøpe eller leige båtplass i Vik båthavn. Her ligg det òg lokale butikkar, vinmonopol, pub, hotell, kafèar og badestrand.

Det er moglegheit for å fiske etter aure eller gå på merka turstiar på Vikafjellet, ca 10-15 min i bil frå Fjellandsbyen.

Sjå heimesida til Vik Fjellandsby for meir informasjon og bilete av tomtene.

Beskrivelse av boligen

Dei store flotte vindauga i stova ynsker naturen utanfor velkomen inn i denne familievenlege hytta frå Birken-serien.

Her kan heile familien samlast og vere saman i det flotte sosiale kjøken- og stoveområdet på over 40 kvadratmeter. Hytta har to soverom, bad/vaskerom og praktisk bodplass. Den eine boden har eigen inngang utanfrå for enkel oppbevaring av sportsutstyr.

I tillegg har hytta ein praktisk hems med takhøgde på 1.89 meter på det høgaste partiet. Hemsarealet gir ein ekstra fleksibilitet og er ein perfekt stad der borna eller ungdommane i huset kan trekke seg tilbake og ha si eiga sone i hytta.

Arealer (kvm):
Hovudplan: 76,7
Golvareal hems: 45,5
Tilleggsareal utvendig: 0,8
Bruksareal hytte: 76,7
Totalt bruksareal: 77,5
Bebygd areal (BYA): 92,0

Standard

Leveransebeskrivelse:
Hytta blir levert innflyttingsklar, og prisen inkluderar betongleveranse, røyrleggjar- og elektrikarleveranse samt overflater og utstyr iht leveransebeskrivelsar/romskjema. Me tek av oss heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad kr 945 000,-, samt opparbeiding tomt (ca kr 300 000,-) og omkostningar kjem i tillegg.

Innvendig vegg, tak og golv:
Det vil bli levert beisa 14 x 120 slettpanel liggjande på vegg, og i himling blir det levert beisa 14 x 140 faspanel. På golv blir det levert laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom. Flis av typen Demireks Ny Grey Rustik 30 x 60 i entrè.

Kjøkken:
Du får med eit verdikort frå JKE Design Førde på kr 75 000,- slik at du står fritt til å velje det kjøkkenet du likar best.
Blandebatteri og opplegg for oppvaskmaskin er inkludert, kvitevarer kjem i tillegg.

Bad:
Flis av typen Demireks Exil Grey 20 x 20 på golv.
Baderomsplater av typen 3091-F23 HG Denver White Fortissimo på vegg.
Blir levert med bl.a. blandebatteri, dusjgarnityr, dusjdørar, baderomsdisk med spegel og lys, golvmontert toalett.

Oppvarming:
Komplett leveranse på Ovn Uno 5 Nordpeis med svart stålpipe.
Varmekablar på bad, bod og entrè.

Dør:
Spesialdesignet ytterdørar for BoligPartner, med karm i same farge som dørblad. Farge ihht. leverandørens standard fargar og utforming MDF kvitmalt
Til bod vert det levert isolert dør og karm med same farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.
Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.
Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med slett speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Royalimpregnert kledning frå Alvdal Skurlag.

Taktekking:
Svart pappshingel. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, transparent grunna. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister kvitmåla, fotlist/gerikt type 15 x 58 avrunda. Taklist 21 x 45 avrunda.
Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapp:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring.
Sambatrapp i lakkert furu blir levert som standard. Sambatrapp kvitmåla/beisa kan veljast som tilval.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Hyttetomt i Vik Fjellandsby 39/126 kr 945 000,-. Omkostningar og opparbeiding av tomt kjem i tillegg. Opparbeiding tomt er stipulert til ca kr 300 000,-.

Innhold

1. etasje / Hovudetasje:
2 soverom, bad/vaskerom, bod (evt bad), sportsbod,, entrè og stove/kjøkken.
+ Hems med rom for sengeplasser.

Adkomst

Vik Fjellandsby ligg ved rv13 i Vik i Sogn, like ved Vik Skisenter.

Vik Fjellandsby, 6893 VIK I SOGN

Loading map...

Plantegninger