Attraktiv hyttetomt midt i Sogndal Skisenter Hodlekve!

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 900 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 900 000,-
  • Boligtype Fritidstomt
  • Eierform Selveier

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Offentlig vann/kloakk, Turterreng, Utsikt, Bilvei frem

Innhold

Flott hyttetomt midt i Sogndal Skisenter Hodlekve. Fantastisk utsikt, med ski-in- og ski-out tilhøve til alpinbakken og flotte langrennsløyper nære tomta.

Beliggenheit:
10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske.

15 min køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar.

Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper.
Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg fritidstomt!

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste kostnader ifm tomt:

-Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
-Kommunale avgifter og eigedomsskatt
-Minimum 2 årskort kvart år i Sogndal skisenter - Hodlekve sitt alpinanlegg
-Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar

Tomta er enkel å opparbeide, og kostnadane er estimert til kr 300 000,-.

Regulering

For tomtene er reguleringsplan for Hodlekve gjeldande. Eigedomen er regulert til fritidsføremål.

Parkering

Bilparkering på eiga tomt.

Forbehold

Tomta blir solgt med byggjeklausul med Sognehus AS, forhandlar av BoligPartner.

Viktig informasjon

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.


Heftelsar:
- Det er plikt for eigar å knyte seg til kommunalt anlegg for vass og avlaup til hytteområdet samt å dekkje alle kostnader i tilknytning til dette, herunder årlege avgifter. Eigar av eigedomen har åleine alt ansvar for anlegg for vass,- og avlaupp frå eigen eigedom til kommunalt anlegg.
- Det er plikt for eigar av eigedomen å kjøpe minimum to - 2 - årskort kvart år i alpinanlegget, Sogndal Skisenter Drift AS.
- Det er plikt for eigar av eigedomen å være medlem av hytteeierlaget, Hodlekve Sogndal Hytteeierlag (under stifting)
- Leverandør av straum, kabel og IKT anlegg har rett til
vederlagsfritt å anlegge og vedlikeholde leidningar, kabelanlegg på eigedomen samt ved behov å montere fordelingsskap for straum og telefoni/breiband, mot å sette areala i orden etterpå.
- Sognefjorden Utvikling AS, eller den som overtek fellesareal/-anlegg til drift og vedlikehold, har rett til vederlagsfritt å legge hoved-, side og stikkledninger for vass, kloakk, overvatn, kablar og trekkrøyr med tilhøyrande kummer, kabelskap og fordelerskap over og på eigedomen. Retten omfatter også rett til tilkomst mv. ifb. med arbeidene, under forutsetning av at arealene blir satt i orden etterpå.
- Sogndal kommunen har 1. prioritets pant i eigedomen for krav mot eigar av eigedomen som følger av pkt. 1 og 2 ovanfor. Pantekravet kan ikkje overstige 45.000 kr.

Punkta som er nemnt ovanfor vil bli tinglyst som heftelse på tomtene i forbindelse ved overskøyting til kjøpar

Overtakelse

Etter avtale med seljar.

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Loading map...

Flere boliger fra Sognehus AS