Me løfter dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur! Miljøvenleg og bærekraftig hyttekonsept; V2!

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 2 637 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 637 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 74 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 2

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Bredbåndstilknytning

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske.
15 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Beskrivelse av boligen

Slik våre forfedre valde ut sine beste malmfurutre, løftar me dei tidlegare tiders byggeskikkar fram i vår moderne arkitektur. Så ekte og nært. Så solid og tradisjonsrikt.

I konsept V går me tilbake til våre solide byggeskikkar, og vel den miljøvenlege malmfurua til våre hytter. Her sørger naturen si ega impregnering for at du slipp kunstig overflatebehandling.

Malmfurua har ein høg andel av den feite kjerneveden som gir naturen si eiga impregnering mot vatn og sopp. Og du får ei tilnærma vedlikeholdsfri og solid kledning på hytta.

Trematerialet har ulike fargenyansar i seg og på dei mest værutsatte delane av hytta blir fasaden ulik enn på meir beskytta områder. Over tid skapar naturkreftene denne sølvgrå fargen som spelar så fint i harmoni med omgivnadane rundt hytta.

Me er stolte av å trekke kulturhistoria med oss inn i notida. Difor byggjer me med tanke på framtida og gir deg Konsept V – med naturen si ega motstandsdyktigheit.


V2 er ein utvida modell samanlikna med V1. Det gir eit større areal og fleire rom som opnar for mange spanande moglegheitar. Korleis dei skal takast i bruk, er heilt opp til deg.
Inngangspartiet til V2 har ein romsleg garderobe og herfra blir du leia inn til eit rom som kan bli di sosiale sone og/eller soverom/bod/TV-stove. Me har kalla det eit fleirbruksrom – fordi du tek dette rommet i bruk slik du ynskjer det. Det er òg areal til eit baderom.
Via trapp kjem du opp til hemsen med eit areal på 40 kvadratmeter som gir deg ekstra flekibilitet i forhald til bruk som opphaldsrom eller kanskje soveplassar til hyttegjester.

Arealer (kvm):
Bruksareal hytte: 74
Tilleggsareal utvendig: 12,1
Totalt bruksareal: 86,1
Bebygd areal (BYA): 87

Innhold

Hovudplan:
Stove/kjøken, 2 soverom, bad, entrè, gang og fleirbruksrom.
+ Hems.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste kostnader ifm tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort kvart år i Sogndal skisenter - Hodlekve sitt alpinanlegg
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS