Magna Ferentis - moderne, innhaldsrik familehytte med hems i Hodlekve!

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 2 960 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 960 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 104 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 3

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Barnevennlig, Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Bredbåndstilknytning

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er òg populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske.
15 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Beskrivelse av boligen

Magna Ferentis er ei moderne og innhaldsrik familehytte og er beviset på at sjølv stilreine linjer og design kan vere lunt, varmt og koseleg.

Her er det plass til mange, med tre gode soverom og tilsaman seks sengeplassar pluss hems. Arkitekturen på denne hytta inviterar naturen inn slik at du kan leve i eitt med omgjevnadane utanfor.

Ei open stove- og kjøkenløysning på hovudplanet gir eit eksklusivt og opent preg, og skråtak med store vindauge gir høgde under taket og ein luftig atmosfære med mykje dagslys. Peisen i allrommet er synleg og skapar knitrande hyttero frå alle kantar. Her er det fint å varme seg etter dagens naturoppleving som ventar rett utanfor døra.

Ein romsleg sportsbod gjer at du enkelt, smart og praktisk både kan lagre og hente ut sportsutstyr, reiskap og klede.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Beskaffenhet/Tomtebeskrivelse

Faste kostnadar ifm tomt:

- Pliktig medlemskap i hytteeigarlaget
- Kommunale avgifter og eigedomsskatt
- Minimum 2 årskort kvart år i Sogndal skisenter - Hodlekve sitt alpinanlegg
- Utgifter til vedlikehald og brøyting av veg vinter og sommar

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ynskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Flere boliger fra Sognehus AS