Sportshytte for heile familien i Hodlekve! 2sov + hems på 18m2!

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 1 940 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 1 940 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 65 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 2

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Last ned

Leveransebeskriving 15 07 2017

Fasiliteter

Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Bredbåndstilknytning, Alpinanlegg, Bilvei frem, Innlagt strøm, Innlagt vann

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske. 10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Beskrivelse av boligen

Velkommen inn i Kvarstad – ei moderne hytte med gode løysningar. Hytta har eit totalt bruksareal på 65 kvadratmeter. Her finner du to soverom, bad/vaskerom, romsleg og praktisk bod innvendig, samt eit lyst og hyggeleg kjøkken- og stoveområde.
Hytta Kvarstad har også ein ekstra bonus for den aktive familien, nemleg den smarte hemsløysinga. Her oppe har ein ekstra tumleplass, om ein treng ein TV-krok eller ekstra sengeplassar. Med ein takhøgd på 1,89 meter bidreg hemsen til stor trivsel på hytta.
Kvarstad har store vindauge som både slepp inn mykje lys og som gir deg godt utsyn til naturen utanfor.


Opplev Kvarstad-modellen frå innsida med denne VR-visninga:
https://boligpartner.no/hytte/birken/kvarstad

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbyggjar kan føreta mindre endringar viss dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Veg, vatn og avlaup:

Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er knytt til offentleg vatn- og avlaupsnett.

Oppvarming:

- Vedomn i opphaldsrom.
- Varmekablar på bad
- Stikkontakt til panelomn på soverom

Fastekostnader:

- Plikt for eigar å kjøpe minimum to årskort kvart år i Sogndal Skisenter Hodlekve.
- Pliktig medlemsskap i hytteeigarlaget.
- ca. 4 500,- pr. år (Beløpet dekkjer brøyting og vedlikehald av veg. Beløpet er estimert og ikkje endeleg fastsatt.)

Kommunale avgifter:

Planlagt nyoppført hytte. Kommunale avgifter vrt utrekna etter kommunalt regulativ.

Hodlekve, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS