Hodlekve - Realisér hyttedraumen med Sletthø
Hodlekve - Realisér hyttedraumen med Sletthø
Fosskamben, 6856 SOGNDAL
Pris
kr 2 990 000,-
Neste visning
Etter avtale
- Pris kr 2 990 000,-
- Boligtype Hytte
- Bruksareal (BRA): 126 m2
- Eierform Selveier
- Soverom: 4
- Energimerking C
Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817
Last ned
Leveransebeskriving 15 07 2017Eksterne lenker
Malangslia hjemmeside Malangslia fra lufta Balsfjord KommuneFasiliteter
Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Barnevennlig, Offentlig vann/kloakk, FiskemulighetBeliggenhet
10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske. 10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.Beskrivelse av boligen
Med heile fire soverom og ei romsleg oppstove, er Sletthø mange familiars draumehytte.Tenk deg følelsen av å sitte i oppstova, den lune stova mens du lar augene kvile på snødekte fjelltoppar i horisonten. Dei store vindaugsflatene, som strekker seg frå golv til tak tek naturen rett inn i hytta.
Med eit bruksareal på 126 kvadratmeter er du sikra stor fleksibilitet og rom til å verkeleg nyte herlege fridagar på hytta. Det opne kjøkken- og stoveområdet er på heile 45 kvadratmeter. Langbordet blir eit naturleg samlingspunkt for familie og vener medan eit varmt lys sprer seg mjukt inn i rommet frå den stemningsfulle peisomnen i hjørna.
Terrassedøra i stova tek deg direkte ut til den overbygde uteplassen. Slik at du kan nyte dagane utandørs, uansett vær. Sletthø har også ein praktisk sportsbod og ein romsleg inngangshall. Ønskjer du ekstra lagringsplass, kan ein fint nytte plassen under trappa.
Standard
InnholdKjøkken:
Du står fritt til å velgje det kjøkkenet du likar best. ta kontakt med seljar for meir info
Bad:
På baderom, leveras det bl.a. veggbatteri med termostat og dusjgarnityr, baderomsmøbel, blandebatteri, golvmontert toalett, varmtvatnsberedar og kran for vaskemaskin.
Dør:
Til Sletthø vert det levert dørtypen BP 211-S1 med karm i samme farge som dørblad. Farge iht. leverandøren sine standard fargar og utforing MDF kvitmalt. Ytterdør med hardved terskel, låskasse med sylindar og handtak, forkromma og matt iht. fasadeteikningar.
Til bod vert det levert isolert dør og karm med samme farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.
Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.
Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med 3 speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.
Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.
Utvendig kledning:
Grunna transparang utvendig kledning iht. teikning 1:100. Panelender og baksider samt synlege spikarhovud vert ikkje behandla. Kledning er mogleg å få levert med eit mellomstrøk som tilval. I Karakter-serien vert det nytta panel av typen dobbelfalset liggende 19 x 148, ny type.
Innvendig kledning vegg:
Som standard leveres stående kledning 14 x 145 mm skygge skrå furu, natur ubehandlet.
Taktekking:
Pappshingel type mørk skrå vert levert som standard. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.
Himlingskledning:
11x142 MDF panelbord faspanel i fargen kvit.
Gulv:
Laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom.
Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, kvitmåla. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.
Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister, i kvitmåla profilert type 15 x 70. Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.
Trapper:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring. Spiler, håndrekke, vanger og trimm i lakkert furu. Hemsstige levert i lakkert furu. Som tilval kan spiler, håndrekke og vanger leverast som fabrikkmalt kvit med trinn i lakkert eik. Sambatrapp kan også leverast som tilval.
Betongleveranse:
Inkludert i prisen.
Tomt:
Ikkje inkludert i prisen, sjå økonomisk plan.
Opparbeiding av tomt:
Ikkje inkludert i prisen. Sjå stipulert kostnad i økonomisk plan for planert rundt hytte med singel/veggrus og tilstelt grøntområde, ikkje sådd. veggrus på parkeringsareal.
Annet
Elektriske punkt:
Kompeltt elektrikar leveranse.
Røyrleggjar:
Komplett røyleggjar leveranse.
Ventilasjon:
Ventilasjon i form av mekanisk avtrekk frå bad, WC/ vaskerom. Om ikkje el., naturleg avtrekk.
Generelle forhald:
Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.
Veg, vatn og avlaup:
Veg, vatn, avlaupEigedommen er knytt til offentleg vatn- og avlaupsnett.
Oppvarming:
-Vedomn i opphaldsrom.-Varmekablar i alle golv utanom på soveromma.
-Elektrisk.
Fastekostnader:
- Plikt for eigar å kjøpe minimum to årskort kvart år i Sogndal Skisenter Hodlekve.- Pliktig medlemsskap i hytteeigarlaget.
- ca 4 500,- pr. år (Beløpet dekkjer brøyting og vedlikehald av veg. Beløpet er estimert og ikkje endeleg fastsatt.)