Innhaldsrik familiehytte i Hodlekve. Nydeleg utsikt og gode solforhald.

Innhaldsrik familiehytte i Hodlekve. Nydeleg utsikt og gode solforhald.

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 2 890 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 890 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 96 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 3
  • Energimerking C

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Last ned

Leveransebeskriving 15 07 2017

Eksterne lenker

Malangslia hjemmeside Malangslia fra lufta Balsfjord Kommune

Fasiliteter

Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Barnevennlig, Kabel TV, Offentlig vann/kloakk, Fiskemulighet

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske. 10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er også populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Beskrivelse av boligen

Bukkehø gir rom for mange med tre gode soverom. I tillegg har hytta ein praktisk hems som gir deg fleire moglegheita og fleire sengeplasser.
Det fantastiske kjøkken- og stoveområdet på over 40 kvadratmeter er verkeleg hjarta i flotte Bukkehø. Her løfter taket seg nesten fem meter opp medan dei mange og store vindaugs flatene helsar naturen utanfor velkomen inn. Frå kjøkkenet er det utgang til overbygd uteplass (her må overbyggjet tilpassast noko då BYA på hytta er 3 kvm større enn reguleringsplanen tillèt). Tenk deg følelsen av å nyte morgonkaffien her. Ro og lykke.

Med ei ekstra tv-stove kan også ungdommane få sin eigen «frisone» i hytta, ein kan og nytte dette arealet til ekstra soveplassar, du bestem. I Bukkehø blir den viktige bodplassen godt ivareteke. Her får du eigen sportsbod til ski og fiskeutstyr, medan det frå inngangshallen er ei dør direkte til den innvendige boden. Dette er ein perfekt lagringsplass når utekleda og skoa treng sin velfortente kvil etter dagens spreke fjelltur.

Standard

Innhold

Kjøkken:
Du står fritt til å velgje det kjøkkenet du likar best.

Bad:
På baderom, leveras det bl.a. veggbatteri med termostat og dusjgarnityr, baderomsmøbel, blandebatteri, golvmontert toalett, varmtvatnsberedar og kran for vaskemaskin.

Dør:
Til Bukkehø vert det levert dørtypen BP 211-S1 med karm i samme farge som dørblad. Farge iht. leverandøren sine standard fargar og utforing MDF kvitmalt. Ytterdør med hardved terskel, låskasse med sylindar og handtak, forkromma og matt iht. fasadeteikningar.

Til bod vert det levert isolert dør og karm med samme farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.

Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.

Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med 3 speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Grunna transparang utvendig kledning iht. teikning 1:100. Panelender og baksider samt synlege spikarhovud vert ikkje behandla. Kledning er mogleg å få levert med eit mellomstrøk som tilval. I Karakter-serien vert det nytta panel av typen dobbelfalset liggende 19 x 148, ny type.

Innvendig kledning vegg:
Som standard vert levert ståande kledning 14 x 145 mm skugge skrå furu, natur ubehandla.

Taktekking:
Pappshingel type mørk skrå vert levert som standard. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Himlingskledning:
11x142 MDF panelbord faspanel i fargen kvit.

Golv:
Laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom.

Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, kvitmåla. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister, i kvitmåla profilert type 15 x 70. Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapper:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring. Spiler, håndrekke, vanger og trimm i lakkert furu. Hemsstige levert i lakkert furu. Som tilval kan spiler, håndrekke og vanger leverast som fabrikkmalt kvit med trinn i lakkert eik. Sambatrapp kan også leverast som tilval.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Ikkje inkludert i prisen, sjå økonomisk plan.

Opparbeiding av tomt:
Ikkje inkludert i sjå økonomisk plan stipulert kostnad for planert rundt hytte med singel/veggrus og tilstelt grøntområde, ikkje sådd. veggrus på parkeringsareal.

Annet

Elektriske punkt:
Kompeltt elektrikar leveranse.

Røyrleggjar:
Komplett røyleggjar leveranse.

Ventilasjon:
Ventilasjon i form av mekanisk avtrekk frå bad, WC/ vaskerom. Om ikkje el., naturleg avtrekk.

Generelle forhald:
Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Adkomst

Det vil bli etablert gruslagt veg med parkering til bil.

Veg, vatn og avlaup:

Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er knytt til offentleg vatn- og avlaupsnett.

Oppvarming:

-Vedomn i opphaldsrom.
-Varmekablar i alle golv utanom på soveromma.
-Elektrisk.

Fastekostnader:

- Plikt for eigar å kjøpe minimum to årskort kvart år i Sogndal Skisenter Hodlekve.
- Pliktig medlemsskap i hytteeigarlaget.
- ca 4 500,- pr. år (Beløpet dekkjer brøyting og vedlikehald av veg. Beløpet er estimert og ikkje endeleg fastsatt.)

Kommunaleavgifter:

Planlagt nyoppført hytte. Kommunale avgifter vil bli etter kommunalt regulativ.

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger