Familievenleg hytte med 3 soverom, hems og TV stove.

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 2 690 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 2 690 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 85 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 3

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Last ned

Leveransebeskriving 15 07 2017

Fasiliteter

Barnevennlig, Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Bredbåndstilknytning, Alpinanlegg, Bilvei frem, Innlagt strøm, Innlagt vann

Beliggenhet

10 km frå Sogndal sentrum ligg Sogndal skisenter og Hodlekve-området, kjend for puddersnø, offpistkøyring og gode snøforhold. Men Sogndalsdalen er også populært om sommaren, og området byr på gode høve for fjellturar, jakt og fiske. 10 min. køyring og du er i Sogndal sentrum med godt utval av butikkar, kaféar og restaurantar - og Sognefjorden, som er ypparleg til m.a. kajakkpadling. Området er òg populært for barnefamiliar og har eit godt turløypenett tilpassa alle aldrar. Sogndal skisenter består per i dag av 5 skitrekk av varierande lengde og har i tillegg 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjendt for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. I dette eldoradoet kan du no skaffe deg ei nøkkelferdig Bolipartner-hytte.

Beskrivelse av boligen

Bukkespranget er ei romsleg familiehytte utvikla for flate tomter, bygd for maksimal utnytting av lys- og sol forhald. Hytta inneheld entré med garderobeplass, tre soverom, bad, innvendig bod og ei open stove- og kjøkenløysning i tillegg til separat tv-stove. Hytta har òg ein hems – ein perfekt sove- og leikeplass for dei unge hyttegjestene. Byggjer du Bukkespranget får du ei romsleg hytte med ein planløysning skreddarsydd for storinnrykk for store og små.

Adkomst

Hodlekve og hytteområdet ligg i Sogndalsdalen ved Rv5.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Veg, vatn og avlaup:

Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er knytt til offentleg vatn- og avlaupsnett.

Oppvarming:

-Vedomn i opphaldsrom.
-Varmekablar i alle golv utanom på soveromma.
-Stikkontakt til panelomnar på soverom

Kommunale avgifter:

Planlagd nyoppført hytte. Kommunale avgifter vert utrekna etter kommunalt regulativ.

Fastekostnader:

- Plikt for eigar å kjøpe minimum to årskort kvart år i Sogndal Skisenter Hodlekve.
- Pliktig medlemsskap i hytteeigarlaget.
- 4 500,- pr. år (stipulert) (Beløpet dekkjer brøyting og vedlikehald av veg. Beløpet er estimert og ikkje endeleg fastsatt.)

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS