Stor hytte med fantastisk utsikt, høg standard og alpintanlegg som nærmaste nabo

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Pris

kr 5 500 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 5 500 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 140 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 5
  • Energimerking C

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Balkong/Terrasse, Garasje/P-plass, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Barnevennlig, Bredbåndstilknytning, Offentlig vann/kloakk, Fiskemulighet

Beliggenhet

Hytta ligg i Hodlekve i Sogndalsdalen like ved Sogndal skisenter, ca 10 km frå Sogndal sentrum der ein finn dei fleste fasilitetar ein treng, busstasjon og flyplass. Med sin beliggenheit i Sogndalsdalen er Hodlekve hyttefelt særs godt plassert, både for sommar og vinteraktivitetar, her kan ein hyggje seg året rundt. Ein har i nærområde både ski-in og ski-out til alpinbakken og flott turløypenett. Sogndal skisenter er kjend for flotte pudderforhald, offpistkøyring og god snøsikkerheit. Området har og gode jakt- og fiskemoglegheitar. Skianlegget består per i dag av 4 skitrekk av varierande lengde, 400m i høgdeforskjell og ein heiskapasistet på 700 personar i timen. Skisenteret har i tillegg eit anlegget på 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjend for å vere eit av dei mest snørike områda i landet.

Beskrivelse av boligen

Hytta er ei BoligPartner hytte som er kundetilpassa og har eit utgangspunkt i Høgvarde. Høgvarde er ei av BoligPartner sine største hytter og har eit bruksareal på 140 kvadratmeter, med fem soverom og kan til saman romme 12 sengeplassar, dette er ei hytte som er rusta for å huse både familiar og vener.
I hovudplan finn ein entre, bad/vask, tre soverom, eit stort kjøkken med gode moglegheitar for eteplass, i tillegg finn ein ei stor stove med ovn og open himling med store vindaugsflater frå golv til tak. I oppstova finn ein ei ekstra stove med sovesofa, bad og to soverom. Dette er ei hytte med gjennomtenkte løysingar og god planløysing som passar dei fleste.
Det er grusa innkøyrsel med gode parkeringsmoglegheitar, denne blir brøytt om vinteren etter eige avtale. Tomten er fint opparbeid med støttemurar, plattingar rundt store delar av hytta, ved inngangspartiet er det nedstøypt varmekablar. På framsida er det ein stor platting som er inngjerda her finn ein eit stort boblebad og plassbygd ute grill som ein kan nytte seg av året rundt. Svært gode solforhald frå morgon til kveld.

Adkomst

Det er grusa innkøyrsel med gode parkeringsmoglegheitar, denne blir brøytt om vinteren etter eige avtale.

Fosskamben, 6856 SOGNDAL

Loading map...
Les mer om nabolaget

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS