Moderne hytte med 104 m² bruksareal på Merkedalsvågen! Fantastisk utsikt i nydelig område.

Merkedalsvågen, 5970 BYRKNESØY

Pris

kr 3 010 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 3 010 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 104 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 3

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Beliggenhet

Merkedalsvågen på Byrknesøy. Området har gode solforhald og fantastisk panoramautsikt! Landskapet er prega av fargerike lyngheiar, knausar og slette svaberg.

Plasseringa oppfordrar til båt og sjøaktivitetar. Det er ein rik fauna med fisk og skalldyr, og havfiske kan man praktisere ved td Holmengrå fyr som ligg ute i havet vest for Byrknesøy. Det er mangfoldige dyre- og fugleliv med blant anna sjøfuglar, ørn, niser, havoter og hjort. I tillegg byr området på mange flotte naturopplevingar både på sjø og land. Skulle man ynskje å ta det heile i skue kan man ta ein tur på Byrknesfjellet der Veten ruvar 194 moh. På klåre dagar kan man sjå langt ut i havet frå denne utkikksposten.

Byrknesøy ligg 8 mil nord for Bergen i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Merkedalsvågen ligg på Bremnes på sørvestsida av Byrknesøy.

Sjå heimesida www.ferieperla.no for meir informasjon og bilder av tomtene.

Beskrivelse av boligen

Magna Ferentis er ei moderne og innhaldsrik familehytte og er beviset på at sjølv stilreine linjer og design kan vere lunt, varmt og koseleg.

Her er det plass til mange, med tre gode soverom og tilsaman seks sengeplassar pluss hems. Arkitekturen på denne hytta inviterar naturen inn slik at du kan leve i eitt med omgjevnadane utanfor.

Ei open stove- og kjøkenløysning på hovudplanet gir eit eksklusivt og opent preg, og skråtak med store vindauge gir høgde under taket og ein luftig atmosfære med mykje dagslys. Peisen i allrommet er synleg og skapar knitrande hyttero frå alle kantar. Her er det fint å varme seg etter dagens naturoppleving som ventar rett utanfor døra.

Ein romsleg sportsbod gjer at du enkelt, smart og praktisk både kan lagre og hente ut sportsutstyr, reiskap og klede.

Standard

Leveransebeskrivelse:
Hytta blir levert innflyttingsklar, og prisen inkluderar betongleveranse, røyrleggjar- og elektrikarleveranse samt overflater og utstyr iht leveransebeskrivelsar/romskjema. Me tek av oss heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad på kr 450 000,- - 650 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt stipulert til kr 300 000,-.

Innvendig vegg, tak og golv:
Det vil bli levert beisa slettpanel rett ståande furu, vekselvis 14 x 95 og 14 x 145 mm natur, på vegg og i himling blir det levert kvitvoksa 12 x 120 mm faspanel. På golv blir det levert laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom. Flis av typen Demireks Ny Grey Rustik 30 x 60 i entrè (forutan garderobe og trapp).

Kjøken:
Du får med eit verdikort frå JKE Design Førde på kr 100 000,- slik at du står fritt til å velje det kjøkkenet du likar best.
Blandebatteri og opplegg for oppvaskmaskin er inkludert, kvitevarer kjem i tillegg.

Bad:
Flis av typen Demireks Exil Grey 20 x 20 på golv.
Baderomsplater av typen 3091-F23 HG Denver White Fortissimo på vegg.
Blir levert med bl.a. blandebatteri, dusjgarnityr, dusjdørar, baderomsdisk med spegel og lys, golvmontert toalett.

Oppvarming:
Komplett leveranse på Ovn Uno 5 Nordpeis med svart stålpipe. Plassert ved yttervegg.
Varmekablar på bad/vask, vask/teknisk og vindfang.

Dør:
Spesialdesignet ytterdørar for BoligPartner, med karm i same farge som dørblad. Farge ihht. leverandørens standard fargar og utforming MDF kvitmalt
Til bod vert det levert isolert dør og karm med same farge som hovuddør, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt.
Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.
Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med slett speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Royalimpregnert kledning frå Alvdal Skurlag.

Taktekking:
Svart pappshingel. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Utvendig listing:
19 x 98 med vannbrettbeslag over og under i Silver utførelse.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister kvitmåla, fotlist/gerikt type 15 x 58 avrunda. Taklist 21 x 45 avrunda.
Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapp:
Trapp/hemsstege i beisa furu, trinn i kvitlasert eik. Gelender på hems i glas med handlist beisa furu lik trapp/hemsstege. Barnesikring i rustfritt stål.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Gjeld tomter med gnr/brn 94/159 i Gulen kommune.
Tomtekostnad på kr 450 000,- - 650 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 300 000,-.

Innhold

1. etasje / Hovudetasje:
3 soverom, bad/vaskerom, bod, gang, entrè, sportsbod og stove/kjøkken.
+ Hems

Adkomst

Byrknesøy ligg langs E39, og hyttefeltet er merka med Bremnes Hyttefelt.

Merkedalsvågen, 5970 BYRKNESØY

Loading map...

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS