Byrknesøy - Realisèr hyttedraumen med familiehytta Sletthø!

Merkedalsvågen, 5970 BYRKNESØY

Pris

kr 3 040 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Pris kr 3 040 000,-
  • Boligtype Hytte
  • Bruksareal (BRA): 140 m2
  • Eierform Selveier
  • Soverom: 4

Gå til salgskontor

Sognehus AS
6856 Sogndal
sogndal@boligpartner.no
Tlf: 917 90 817

Fasiliteter

Barnevennlig, Kabel TV, Fiskemulighet, Offentlig vann/kloakk, Peis/Ildsted, Turterreng, Utsikt, Bredbåndstilknytning

Beliggenhet

Merkedalsvågen på Byrknesøy. Området har gode solforhald og fantastisk panoramautsikt! Landskapet er prega av fargerike lyngheiar, knausar og slette svaberg.

Plasseringa oppfordrar til båt og sjøaktivitetar. Det er ein rik fauna med fisk og skalldyr, og havfiske kan man praktisere ved td Holmengrå fyr som ligg ute i havet vest for Byrknesøy. Det er mangfoldige dyre- og fugleliv med blant anna sjøfuglar, ørn, niser, havoter og hjort. I tillegg byr området på mange flotte naturopplevingar både på sjø og land. Skulle man ynskje å ta det heile i skue kan man ta ein tur på Byrknesfjellet der Veten ruvar 194 moh. På klåre dagar kan man sjå langt ut i havet frå denne utkikksposten.

Byrknesøy ligg 8 mil nord for Bergen i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Merkedalsvågen ligg på Bremnes på sørvestsida av Byrknesøy.

Sjå heimesida www.ferieperla.no for meir informasjon og bilder av tomtene.

Beskrivelse av boligen

Med heile fire soverom og ei romsleg oppstove, er Sletthø mange familiars draumehytte.
Tenk deg følelsen av å sitte i oppstova, den lune stova mens du lar augene kvile på snødekte fjelltoppar i horisonten. Dei store vindaugsflatene, som strekker seg frå golv til tak tek naturen rett inn i hytta.

Med eit bruksareal på 126 kvadratmeter er du sikra stor fleksibilitet og rom til å verkeleg nyte herlege fridagar på hytta. Det opne kjøkken- og stoveområdet er på heile 45 kvadratmeter. Langbordet blir eit naturleg samlingspunkt for familie og vener medan eit varmt lys sprer seg mjukt inn i rommet frå den stemningsfulle peisomnen i hjørna.

Terrassedøra i stova tek deg direkte ut til den overbygde uteplassen. Slik at du kan nyte dagane utandørs, uansett vær. Sletthø har også ein praktisk sportsbod og ein romsleg inngangshall. Ønskjer du ekstra lagringsplass, kan ein fint nytte plassen under trappa.

Arealer (kvm):
Hovedplan: 93,3
Loftsplan: 33,5
Tilleggsareal utvendig: 12,9
Bruksareal bolig: 126,8
Totalt bruksareal: 139,7
Bebygd areal (BYA): 121,0

Innhold

1. etasje / Hovudetasje:
3 soverom, bad/vaskerom, bod, gang, entrè og stove/kjøkken.

2. etasje / Hems:
Stove og soverom.

Standard

Leveransebeskrivelse:
Sletthø blir levert innflyttingsklar, og prisen inkluderar betongleveranse, røyrleggjar- og elektrikarleveranse samt overflater og utstyr iht leveransebeskrivelsar/romskjema. Me tek av oss heile søknadsprosessen og hjelp til med å få plassert hytta optimalt på tomta.
Tomtekostnad på kr 450 000,- - 650 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt stipulert til kr 300 000,-.

Innvendig vegg, tak og golv:
Som standard vil det bli levert beisa, ståande kledning 14 x 145 skygge skrå furu, og i himling blir det levert beisa 12 x 120 faspanel. På golv blir det levert laminat Kronotex Mammut Evrest Oak Beige 3081 i alle tørre rom. Flis av typen Demireks Ny Grey Rustik 30 x 60 i entrè.

Kjøkken:
Du får med eit verdikort frå JKE Design Førde på kr 75 000,- slik at du står fritt til å velje det kjøkkenet du likar best.
Blandebatteri og opplegg for oppvaskmaskin er inkludert, kvitevarer kjem i tillegg.

Bad:
Flis av typen Demireks Exil Grey 20 x 20 på golv.
Baderomsplater av typen 3091-F23 HG Denver White Fortissimo på vegg.
Blir levert med bl.a. blandebatteri, dusjgarnityr, dusjdørar, baderomsdisk med spegel og lys, golvmontert toalett.

Oppvarming:
Komplett leveranse på Ovn Uno 5 Nordpeis med svart stålpipe.
Varmekablar på bad/vask., entrè og bod.

Dør:
Til ytterdør vert det levert BP 211-S1 med karm i same farge som dørblad. Farge iht. leverandøren sine standard fargar og utforing MDF kvitmalt.
Isolert dør og karm med same farge som hovuddør til bod, karm med tetningslister, låskasse, sylinder og handtak, forkromma og matt. Dørtype BP 211.
Balkong og terrassedørar blir levert med karm og utforing, dørblad, 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer og espagnolettlås.
Innvendige dørar levert med dørblad, karm, foring, hardvedterskel, låskasse og dørvriderarar. Kvitmalt dørblad med 3 speil, kvitmalt karm og utforingar i MDF.

Vindauge:
I alle vindauge blir det nytta vakuumimpregnert furu eller kjerneved i furu. Faste (F på teikning) og åpningsbare vindauge med 3-lag energispareglass med argon og varmkantspacer. Evt. sprossar kan leverast, se fasadeteikning i 1:100, som utanpåliggjande klipssprossar. Åpningsbare vindauger har åpningsbegrensning. Vi leverer personsikkerheitsglas i samsvar med forskrifter. Karm, ramme og utforingar i MDF vert levert kvitmåla. Klarlakkerte utforingar i laminert fingerskøyta furu kan leverast som tilval.

Utvendig kledning:
Royalimpregnert kledning frå Alvdal Skurlag.

Taktekking:
Pappshingel type mørk skrå vert levert som standard. Tretak eller torvtak kan leverast som tilval.

Utvendig listing:
Som sidelister på vindauge, dørar og utvendige hjørner monterar vi justert kledning, transparent grunna. Under og over vindauge og dørar monterar vi trykkimpregnerte bord, ubehandla.

Innvedig listing:
Til rom leverer vi tak-, golv-, dør- og vindaugslister, i kvitmåla profilert type 15 x 70. Terskellister til innvendige dørar vert levert i lakkert eik.

Trapp:
Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller håndrekke på begge sider. Mellom trinna monterar vi barnesikring og rekkverk med vertikale spilar for å hindre klatring. Spiler, håndrekke, vanger og trimm i lakkert furu. Hemsstige levert i lakkert furu. Som tilval kan spiler, håndrekke og vanger leverast som fabrikkmalt kvit med trinn i lakkert eik. Sambatrapp kan også leverast som tilval.

Betongleveranse:
Inkludert i prisen.

Tomt:
Gjeld tomter med gnr/brn 94/159 i Gulen kommune.
Tomtekostnad på kr 450 000,- - 650 000,- samt omkostningar kjem i tillegg. Opparbeiding av tomt er stipulert til kr 300 000,-.

Adkomst

Byrknesøy ligg langs E39, og hyttefeltet er merka med Bremnes Hyttefelt.

Diverse

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjekt og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga. Alle opplysningar er difor gitt med forbehold om at utbygger kan føreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike frå verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektetbeskrivelse går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Merkedalsvågen, 5970 BYRKNESØY

Loading map...

Plantegninger

Flere boliger fra Sognehus AS