Familievennleg halvpart av to mannsbustad på flotte Apalset

Apalset, 6823 SANDANE

Pris fra

kr 3 450 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Enheter i prosjektet 2
  • Bruksareal (BRA) 107 m2
  • Energimerking C
  • Soverom 3

Gå til salgskontor

Din Bustad AS
6770 Nordfjordeid
nordfjordeid@boligpartner.no
Tlf: 969 04 788

Fremdrift

Igangsettelse ved tilstrekkeleg førehandssal

Fasiliteter

Garasje/P-plass, Hage, Peis/Ildsted, Balkong/Terrasse, Balansert ventilasjon, Turterreng, Utsikt

Prosjektbeskrivelse

Din Bustad AS er ein aktør som byggjer hus, leiligheiter og hytter i heile Nordfjord. Vi har lang erfaring innan bustadprosjekt og har eigen byggeleiar og tømrarar.
På Apalset skal vi byggje ein 4-mannsbustad og ein 2 mannsbustad med tilhøyrande carport med sportsbod. Her er det nokre få tilvalg som må gjerast, så er leiligheitene klare til innflytting.

Beliggenhet

Utsikta frå tomta på Apalset er heilt fantastisk. Her får du fjorden og fjella sør for deg som utsikt. Tomta har avkjørsel frå Øvre Nordstranda vegen og har ikkje gjennomkøyring. Tomta forøvrig er opparbeida med tilkomstveg med asfalt.

Generelle forhold

Din Bustad kjem gjerne for visning med deg på tomta.

Avgifter og gebyr:
Det må betalast dokumentavgift av verdien på tomta, tinglysningsgebyr for skøyte og pantobligasjonar
Ved kjøp av ny bustad er det dokumentavgift kun av tomteverdi. Ved kjøp av brukt bustad er det av heile kjøpssummen.

Bankgaranti:
Det vert gjeve bankgaranti til kjøpar

Eigarskap:
Den enkelte sameigar rår som eigar over sin seksjon (§22). Eigarseksjonen består av leiligheita (hovuddel) og andel av fellestomt (fellesareal)

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggjeprosjektet og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga av bygnaden. Alle opplysningar er derfor gitt med forbehald om at utbyggjar kan foreta mindre endringar hvis dette skulle vise seg nødvendig eller ynskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er benytta i prospektet kan avvike fra verkelig bygg. 1:100-tegningar og prosjektets beskrivnad går framfor dette prospektet der det måtte være avvik.


Adkomst

Vi felles veg

Parkeringsforhold

Parkering på eiga tomt i carport med bodplass

Beskrivelse

Dører:
Innvendige dører vert levert som kvite glatte frå Boligpartners sin leverandør Kloppen trevare.
Inngangsdøra vert levert frå Boligpartner sin leverandør Jømna. (sjå fasadeteikning).
Balkongdør i vakumimpregnert furu frå Norgesvinduet. Denne er også kvitmalt både utvendig og innvendig.

Vindu:
Samtlege hus-seriar leverast som vakumimpregnerte 3-lags vindauger med superenergiglas med argongass fra Norgesvinduet. Vindauga er barne- og tjuverisikre. Vindu og karm leverast kvitmalt.

Vegger og himling:
Bustaden leverast med kvitmalte trefiberplater i himling og ferdig malte plater type huntonitt tradisjon skygge kvit på veggane i alle tørre rom.

Gulv:
Alle tørre rom leverast med den slitesterke laminat typen Mammut

Listverk:
Til alle rom leverast fabrikkmalte kvite glatte lister i 12x58mm rundt dører, vindauger og langs tak og gulv. Sparkling og maling av spikerhull i lister må påregnes.

Sanitærutstyr:
Alt sanitærutstyr leverast i kvit utføring frå anerkjente produsentar. Utstyr i.h.t prosjektbeskrivelse.

Kjøkken:
Gavekort frå Norema til verdi inkl. mva. kr. 45.000

Bad/vask:
Bad vert levert med baderomsplater på vegg og flis på golv.

Bod hovudetasje kan leveres som WC ved ynskje.

Elektrisk:
Det leggast opp skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontaktar i kvit utførelse. Automatsikringar, hovedsikring og målar i eige sikringsskap. Antall punkt leverast i henhold til den gjeldande standarden NEK 400 - 2014 og plassering fastsettast saman med elektroentreprenør.

Telefon / tv / bredbånd:
Det leverast opplegg for telefon, breibånd og TV. Kjøpar står sjølv for bestilling og tilkobling.

Ventilasjon:
Det leverast balansert ventilasjonsanlegg med høgeffektiv varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og rensa luft tilførast oppholdsromma. Anlegget skal vere i kontinuerlig drift og syter for eit sunt innemiljø med riktig fuktbalanse.

Oppvarming:
Det vert levert ved omn klar til bruk. Varmekablar i bad/vask og gang.

Isolasjon:
Ytterveggar i bustaden er bygd opp av 198+48 mm bindingsverk. Mellomrommet mellom stolpane fyllast med 200+50 mm mineralull. Yttertak isolerast med 400 mm mineralull og innerveggar mellom rom isolerast med 100 mm mineralull.

Garasje/carport:
Leverast iht teikning

Grunn og utvendig arbeid:
Feltets tilkomstveg er asfaltert. Kjøreareal internt på tomta vert levert med grus. Grøntareal vert levert maskinplanert med vekstjord. Kunde må påregne eigeninnsats med finplanering og såing. Det vert ivaretatt sikring av overflatevatn

Brannsikring:
Kvar bustad vert levert med brannsløkkingsapparat og brannsentral som også varslar ved brann i naboleiligheit

Generelle forhold

Vorma er ein vertikaldelt tomannsbustad som er tilpassa skrått terreng. Kvar eining har eit totalt bruksareal på 116 kvadratmeter med god planløysing. Hovudplanet består av overbygd inngangsparti. Entré med stor garderobeplass, innvendig bod og ei romsleg stove-kjøkkenløysning som utgjer ei kjekk sosial sone. Frå stova har du utgang til eigen balkong med fantastisk usjenert utsikt. Underetasjen består av tre soverom, bad/vaskerom og ei innvendig bod. Her er også utgang til hagen.

Apalset, 6823 SANDANE

Loading map...
Les mer om nabolaget