Byggjeklart på Apalset! Vi søkjer igangsetting over nyttår!

Byggjeklart på Apalset! Vi søkjer igangsetting over nyttår!

Apalset, 6823 SANDANE

Pris fra

kr 2 675 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Enheter i prosjektet 3
  • Boligtype Prosjekt
  • Bruksareal (BRA) 76 - 80 m2
  • Eierform Selveier
  • Energimerking B
  • Soverom 2 - 3

Gå til salgskontor

Din Bustad AS
6770 Nordfjordeid
nordfjordeid@boligpartner.no
Tlf: 969 04 788

Fremdrift

Oppstart ved førehandssal

Fasiliteter

Garasje/P-plass, Hage, Peis/Ildsted, Balkong/Terrasse, Turterreng, Utsikt

Prosjektbeskrivelse

Din Bustad AS er ein aktør som byggjer hus, leiligheiter og hytter i heile Nordfjord. Vi har lang erfaring innan bustadprosjekt og har eigen byggeleiar og tømrarar.
På Apalset skal vi byggje ein 4-mannsbustad med tilhøyrande carport med sportsbod. Her er det nokre få tilvalg som må gjerast, så er leiligheitene klare til innflytting.

Bustadane i h. etg er tilrettelagt for Husbankfinansiering, noko som gjev marknadens beste lånevilkår. Rentene er gode og det er moglegheit for avdragsfrihet inntil 8år. Du har også moglegheit til å binde renta i 3, 5, 10 eller 20år!

Velkommen inn til eit uforpliktande kundemøte der vi kalkulerar månandlege kostnadar basert på din egenkapital, inntekt og betalingsvilje.

Beliggenhet

Utsikta frå tomta på Apalset er heilt fantastisk. Her får du fjorden og fjella sør for deg som utsikt. Tomta har avkjørsel frå Øvre Nordstranda vegen og har ikkje gjennomkøyring. Tomta forøvrig er opparbeida med tilkomstveg med asfalt.

Generelle forhold

Din Bustad kjem gjerne for visning med deg på tomta.

Ved kjøp av ny bustad er det dokumentavgift kun av tomteverdi. Ved kjøp av brukt bustad er det av heile kjøpssummen.

Beskrivelse

Innvendige overflater

Dører:
Innvendige dører vert levert som kvitmalte dører frå Kloppen Trevare. Karm og MDF-utforingar vert levert kvitmalt. I "Et godt hjem serien" vert døra ”Kvit glatt” levert.

Vindu:
Alle hussseriar vert levert med 3-lags vindauge med superenergiglass med argongass frå Norgesvinduet. Vindauga er barne- og tjuverisikre. Vindu og karm vert levert kvitmalte. Utforingar vert leverte kvitfolierte.

Vegger og himling "tørre rom":
Det vert levert ferdig malte produkt i i alle rom

Gulv:
Det vert levert kvalitetslaminat type Mammut frå vår lokale leverandør Fargerike Sunde. Ein kan velje mellom 10 ulike laminat.

Listverk:
Til alle boligrom vert det levert fabrikkmalte kvite lister rundt dører, vindauge og langs tak og golv. I "Et godt hjem serien" vert det levert golvlist og gerikt i utføring 12x58. Sparkling og maling av spikerhol i lister må påreknast.

Overflatebeskrivelse

Stue/kjøkken og soverom:
Vert levert med laminat på golv og ferdig malte vegg og takplater.

Bad:
Badet vert levert med baderomsplater type Marcato høgglans på vegg og fliser på golv. Utstyr vert levert i henhold til 1:100-teikningar for den enkelte bustad, som til dømes toalett, eittgreps blandebatteri til servantar og dusjutstyr. Teikningane inkluderar opplegg for vaskemaskin og varmtvannsbereder.

Bod 1 etasje:
Ferdig malte veggplater og belegg på golv. Det vert levert utstyr i henhold til 1:100-teikningar. VVT vert utstyrt med ekspansjonskar og magnetventil iht Tek 10.

Bod under etasje:
Det vert levert kvite, slette baderomplater til vegg og våtromsbelegg på golvet. Det vert levert utstyr i henhold til 1:100-teikningar.

Gang underetasje:
Vert levert varmekablar med flis på golv og ferdig malte plater på vegg.

Elektrisk / Ventilasjon / Oppvarming/kjøkken

Elektrisk:
Det vert lagt opp skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontakter i kvit utføring. Automatsikringar, hovudsikring og målarar i eige sikringsskap. Antall punkter vert levert i henhold til den gjeldende standarden NEK 400 - 2014 og plassering fastsettast saman med elektroentreprenør. Eventuelle tilvalg avtalast direkte med elektrikea.

Telefon / tv / bredbånd:
Det vert levert opplegg for telefon, breiband og TV. Kjøper står sjølv for bestilling og tilkobling.

Ventilasjon:
Det vert levert balansert ventilasjonsanlegg med høgeffektiv varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og reinsa luft vert tilført opphaldsromma. Anlegget skal være i kontinuerlig drift og sørgjer for et sunt innemiljø med riktig fuktbalanse.

Oppvarming:
Det vert levert varmekablar på alle bad. Varmekabel i gang underetasjen.
Det vert levert stålpipe og ferdig montert omn type Contura 810 frå vår leverandør Sentronic i Måløy.

Isolasjon:
Ytterveggane i bustaden er bygd opp av 198mm + 48mm bindingsverk. Mellomrommet mellom stolpane vert fylt med 200+50 mm mineralull. Yttertak vert isolert med 400 mm mineralull.

Kjøkken:
Norema leverer kjøkkeninnredning til våre boliger – du står fritt til å velge det kjøkkenet du liker best innenfor oppgitt prisgruppe. Dette kjem fram i prosjektbeskrivinga.

Generelle forhold:
Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjektet og er ikkje bindande for den detaljerte utformingen av bustaden. Alle opplysningar er derfor gitt med forbehold om at utbyggjar kan foreta mindre endringar dersom dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike fra verkeleg bygg.
1:100-teikningar, overflateskjema og prosjektets beskriving går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Prosjektbeskriving og 1:100 teikningar vert sendt ved interesse.
Utbyggjar tar atterhald mot godkjent byggjeløyve og tilstrekkeleg førehandsal.

Utvendig

Carport og sportsbod:
Det følgjer med Carport inkl. sportbod til kvar leilegheit. Det vert gjesteparkering vest på tomta.

Rekkverk:
Det vert levert vedlikehaldsfritt rekkverk som vert fundamentert fast på natursteinmurane.

Betong:
Inngangsparti vert støypt.

Generelle forhold

Orion er ein firemannsbustad for skrå tomter. Her er det mogleg med inngang både oppe og nede, noko som gjer at dette er ein fleksibel bustad.

Orion er ein populær bustad, særleg blant våre yngre bustadkjøparar. Her får du alt du ynskjer deg og fleksibiliteten om du trenger to eller tre soverom. Leilegheitene i Orion har utgang til veranda og terrasse. I tillegg har bustadane praktisk bodplass og lyse, innbydande opphaldsrom.

Apalset, 6823 SANDANE

Loading map...
Les mer om nabolaget