Golvsengane. Store leilegheiter med gode materialvalg. Open visningsleilegheit 29 Mars 15-17.00 NB! les om påsketilbud.

Golvsengane, 6770 NORDFJORDEID

Pris fra

kr 3 600 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Enheter i prosjektet 9
  • Boligtype Prosjekt
  • Bruksareal (BRA) 132 - 141 m2
  • Eierform Fast
  • Energimerking B
  • Soverom 3

Gå til salgskontor

Din Bustad AS
6770 Nordfjordeid
nordfjordeid@boligpartner.no
Tlf: 969 04 788

Ferdigstillelse

Seksjon 1 og 2 er ferdigstilt. Seksjon 2 vil vere visningsleilegheit for intressentar

Fremdrift

Vi byggjer neste byggjetrinn alt etter kor vi selger først

Fasiliteter

Garasje/P-plass, Hage, Peis/Ildsted, Balkong/Terrasse, Bredbåndstilknytning, Turterreng, Utsikt, Sentralt

Prosjektbeskrivelse

Seksjon 2 er solgt men vil vere visningsleilegheit
Absolutt verdt en kikk.

Påsketilbud:
Din Bustad er 3 år og skal vere ein offensiv bustadbyggjar i Nordfjord. Vi har i dag prosjekt i Eid, Gloppen og Stryn.
Vi går offensivt inn i 2019 og tilbyr nye intressentar på Golvsengane gavekort pålydande kr. 75.000,- ved kjøp før 18 April. Gavekortet brukast igjennom våre våre leverandørar.

Tips! Om du kjøper før oppstart, står du friare til å tilpasse løysningane etter dine behov. Kansje du vil ha vaskemaskina inn på boda eller du vil ha dusj i begge etasjar? Ynskjer du eine veggen en anna farge ? Dette kan vil tilpasse til deg, slik at du flyttar rett inn slik du vil ha det.

Om prosjektet:
Store leiligheiter med god standard. Kort veg til sentrum.
Ingen hus framfor deg som sperrar utsikta mot fjord og fjell.
Her skal vi byggje tre 2-mannsbustader og ein 3-mannsbustad.
Her står du fritt til å velje om du vil ha 3 eller 4 soverom.

Vedlikeholdsfritt rekkverk i stål på balkong, kvitmalt trapp med eiketrinn, flis på gulv i gang og bad, ferdig malte flater.
Eigne sportsboder på 5 m2 kjem i tilleg til areal.

Beliggenhet

Bustaden ligger svært sentralt og solrikt til på Golvsengane, med kort veg til alle skular, barnehage og fritidsaktivitetar. Det er etablerte gangveiar til sentrum.

Generelle forhold

Utbyggjar har fått byggjeløyve.
Utbyggjar med intressentar ta kontakt for visning på tomta

Beskrivelse

Innvendige overflater

Dører:
Innvendige dører er solide fyllingsdører frå Kloppen trevare. Dei leverast med solide hengsler av stål som tåler å bli brukt år etter år. På dette prosjektet leverer vi kvalitetsdøra Visjon 1.

Vindu:
Alle hussseriar vert levert med 3-lags vindauge med superenergiglass med argongass frå Norgesvinduet. Vindauga er barne- og tjuverisikre. Vindu og karm vert levert kvitmalte. Utforingar vert leverte kvitfolierte.

Vegger og himling "tørre rom":
Det vert levert ferdig malte produkt. Huntonitt kostemalt på soverom, opphaldsrom har sponplater med glatt strie ferdig kvitmalt og takplater type huntonitt antikk i alle rom.

Gulv:
Det vert levert kvalitetslaminat type Mammut frå vår lokale leverandør Fargerike Sunde. Ein kan velje mellom 10 ulike laminat.

Listverk:
Til alle boligrom vert det levert fabrikkmalte kvite lister rundt dører, vindauge og langs tak og golv. I prosjektet vert det levert golvlist og gerikt i utføring 12x58. Sparkling og maling av spikerhol i lister må påreknast.

Trapper:
Stryntrappa leverer kvalitetstrapper til våre bustadar. Trapp vert levert med forskriftsmessig rekkverk eller handrekke på begge sider. Trappa i huset kan reknast som eit møbel, her vert det levert ei kvitmalt trapp med eiketrinn

Overflatebeskrivelse underetasje

Soverom 1 og 2:
Vert levert med laminat på golv og ferdig malte vegg og takplater

Bad:
Badet vert levert med baderomsplater type Marcato 3091 høgglans Denver white og fliser på golv. Utstyr vert levert i henhold til 1:100-teikningar for den enkelte bustad, som til dømes toalett, eittgreps blandebatteri til servantar og dusjutstyr. Det vert levert fritt val av baderomsinnreiing for inntil 15 000kr pr. leilighet med vår lokale leverandør.

Bod/vask:
Det vert levert ferdig stria og behandla sponplater med våtromsbelegg på golvet. På boda vert det levert utstyr i henhold til 1:100-teikningar. Boda vert bygd med sluk og våtromsbelegg. Her kan en derfor sette inn vaskemaskin og nytte det som vaskerom.

Gang:
Vert levert flis på golv og ferdig malte plater på vegg.

Elektrisk / Ventilasjon / Oppvarming

Elektrisk:
Det vert lagt opp skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontakter i kvit utføring. Automatsikringar, hovudsikring og målarar i eige sikringsskap. Antall punkter vert levert i henhold til den gjeldende standarden NEK 400 - 2014 og plassering fastsettast saman med elektroentreprenør. Eventuelle tilvalg avtalast direkte med elektriker.

Brannvarslingsanlegg:
I bustaden vert det levert med brannsentral Noby 220, med varsling i form av sirene ved brann i naboleilighet. 1 detektor i kvar etasje.

Telefon / tv / bredbånd:
Det vert levert opplegg for telefon, breiband og TV. Kjøper står sjølv for bestilling og tilkobling.

Ventilasjon:
Det vert levert balansert ventilasjonsanlegg med høgeffektiv varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og reinsa luft vert tilført opphaldsromma. Anlegget skal være i kontinuerlig drift og sørgjer for et sunt innemiljø med riktig fuktbalanse. Det vert levert trykkvakt som regulerer lufttilførselen ved bruk av kjøkkenvifta. På denne måten kan ein fyre i vedovnen utan røykinnslag.

Oppvarming:
Det vert levert varmekablar i gang og bad
Det vert levert stålpipe og ferdig montert omn type Contura 810 frå vår leverandør Sentronic i Måløy.

Isolasjon:
Ytterveggane i bustaden er bygd opp av 198 mm bindingsverk + 48mm innforing. Mellomrommet mellom stolpane vert fylt med 200 mm + 50mm mineralull. Yttertak vert isolert med 400 mm mineralull.

Overflatebeskrivelse hovedplan:

Kjøkken:
Espe leverar kjøkkeninnreiing til dette prosjektet iht beskrivnad. Bl.a tilrettelagt for innebygde kvitevarer.

WC:
WC vert levert med belegg på golv iht utstilling og kvitmalte slette veggar. Utstyr leverast i.h.t 1:100 teikning. Bl. a ferdig montert servant med servantbatteri og og toalett. Skyvedører på teikninga er forslag og er ikkje en del av leveransen

Soverom 3 (4):
Laminat på golv, med ferdig malte vegg og takplater

Stove/kjøkken:
Laminat på golv, med ferdig malte vegg og takplater. På vegg vert det levert sponplater med glatt strie ferdig kvitmalt.

Generelle forhold:
Dette prospektet er meint som ei orientering om byggeprosjektet og er ikkje bindande for den detaljerte utformingen av bustaden. Alle opplysningar er derfor gitt med forbehold om at utbyggjar kan foreta mindre endringar dersom dette skulle vise seg nødvendig eller ønskjeleg. Illustrasjonar og planteikningar som er nytta i prospektet kan avvike fra verkeleg bygg. 1:100-teikningar og prosjektets beskriving går framfor dette prospektet der det måtte vere avvik.

Prosjektbeskriving og 1:100 teikningar vert sendt ved interesse.

Generelle forhold

Bustaden er ein vertikaldelt tomannsbustad tilpassa skråtomt. Kvar leilegheit har eit bruksareal på 132 kvadratmeter fordelt på to plan.
Frittståande sportsbod på 5 m2 kjem i tillegg.
Innebygd carport vil gje deg moglegheit til å gå tørrskodd inn i underetasjen. Underetasjen inneheld stort hovedsoverom, soverom 2, ein romsleg gang, bad og seperat vaskerom/bod. Det er etablert plass til garderobeløysningar i gang og i alle soverom. Dette vil gi mogelegheit for god lagringsplass.
Hovedplanet er den naturlege opphaldsstaden. Her har du ei stove- og kjøkkenløysning på heile 42 kvadratmeter. Her er det plass heile barneselskapet eller juleselskapet rundt det store kjøkkenbordet! Kjøkkenet er for seg sjølv, delvis avdelt frå stova. Utgang til overbygd balkong mot sør. Det er direkte utgang bak i hagen via balkongdør i stova. I stova kan du fyre i ovnen, som vert levert klar til bruk frå varmefag. I tillegg rommar etasjen eit tredje soverom og wc med bodplass. Alltid kjekt med ei bod i kvar etasje.
Her kan du velje om du vil sette av litt av den store stova til eit fjerde soverom. Stova vil då få eit arela på 31,3m2 og vil framleis gi god planløysing.

Leilegheita er den perfekte bustaden for deg som ynskjer ei stor leilighet med gode og praktiske løysingar.

Golvsengane, 6770 NORDFJORDEID

Loading map...
Les mer om nabolaget