1 solgt - Flott 1/2 part av nyoppført 2 - mannsbolig, solrikt beliggende på Ådland

Ådlandslio 98 A, 5416 STORD

Pris fra

kr 3 990 000,-

Neste visning

Etter avtale

  • Enheter i prosjektet 2
  • Boligtype Prosjekt
  • Bruksareal (BRA) 113 m2
  • Eierform Selveier
  • Energimerking B
  • Soverom 4

Gå til salgskontor

Sunnhordland Bygg AS
5412
stord@boligpartner.no
Tlf: 996 29 296

Fremdrift

Tomannsbustaden er under bygging.

Fasiliteter

Garasje/P-plass, Peis/Ildsted, Balkong/Terrasse, Bredbåndstilknytning, Balansert ventilasjon, Turterreng, Utsikt, Sentralt

Prosjektbeskrivelse

Innhaldsrik tomannsbustad i Ådlandslio 98, nær Leirvik Sentrum

Beliggenhet

Ådlandslio er eit roleg buområde med flott utsikt og gode solforhold. Det er kort veg til skog og mark og Ådlandsvatnet med mange turløyper. Dette er ein flott rekrasjonsplass for store og små. Ådlandslio er et populært område, som passar godt for alle aldersgrupper, med gåavstand til barne- og ungdomsskule, barnehage, butikk, idrettsanlegg, sjukehus, kyrkje og busshaldeplass. Det er også kort køyretur til Leirvik Sentrum, der ein finn eit bredt utvalg av servicetilbod med to kjøpesenter, gågate, kulturhus, restauranter, kafear, bussterminal og hurtigbåtterminal. I kulturhuset er det kino, bibliotek, symjehall, tradisjonelle kulturhusfasilitetar og kulturskule. Det er også kort avstand til Heiane og dei fleste arbeidsplassar i regionen.

Generelle forhold

Dette prospektet er meint som ei orientering om byggjeprosjektet og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga av bebyggelsen. Alle opplysningane er difor gitt med forbehold om at utbyggjar kan foreta mindre endringar viss dette skulle visa seg nødvendig eller hensiktsmessig, utan at standarden forringast nevneverdig. Oppgitte teikningarer er kun illustrasjonar; stipla løysningar og møblar blir ikkje levert. Viss det er avvik mellom teikningar og beskrivelsar eller på internettsida og leveransebeskrivelsen, er det den endelege leveransebeskrivelsen i kontrakta som gjeld. Leveransebeskrivelse og teikningar i målestokk 1:100 kan ein få ved henvending til bustadselgjar. Det presiserast at alle bilda av boligen i prospektet er illustrasjonsfoto og kan visa element som avvik frå faktisk leveranse.

Beskrivelse

Innvendige overflater

Dørar:
Innvendige dørar blir levert som kvitmalte heiltre dørar fra Kloppen Trevare. Karm og MDF-utforingar er kvitmalt.

Vindu:
Boligen blir levert med 3-lags vinduer med superenergiglass med argongass fra Norgesvinduet. Vindua er barne- og tjuverisikra. Vindu og karm er kvitmalt og utforingane er kvitfoliert.

Veggar / tak og himling:
Boligen blir levert med sparkla og malt gips i alle himlingar og veggane i alle tørre rom blir levert i tilsvarande. På vask/bod er det glatte, kvite baderomsplater på veggane.

Golv:
Det blir lagt varmekablar og flislagt golv i gang på hovudplan og på begge bad. På vaskerommet blir det lagt varmekablar og golvbelegg. I oppholdsromma og gang i underetasje har me valgt 1-stavs lys eikeparkett.

Trapper:
Hestnes Trappefabrikk og Stryntrappa leverer kvalitetstrapper til boligane våre. I denne boligen er det fabrikklakkert furutrapp med opprtrinn i kvitmalt furu. Det blir montert forskriftsmessig rekkverk eller handrekka på begge sider.

Kjøkken / Bad / Vaskerom

Kjøkken:
Kjøkkeninredninga blir levert fra Norema. Induksjonstopp, ventilator, heilintegrert oppvaskmaskin og steikeovn i rustfritt stål er inkludert i leveransen.

Bad:
På bad i hovudetasjen er det fliser på veggar og golv. På bad i underetasjen er det fliser på golv, medan det på veggane er kvite baderomsplater. På begge bad er det baderomsinnredning fra Johansen Rør(Foss Bad). Baderomsinnredningen er kvit høyglans servantskap og servant i støypemarmor. Speilet har integrerte, dimbare LED lyskilder på sidene. Dusjhjørna har rette dusjdørar i herda glass som kan svingast 180 grader.

Bod / vaskerom:
På golv blir det lagt golvbelegg, medan det på veggane er kvite baderomsplater.

Elektrisk / Ventilasjon / Oppvarming

Elektrisk:
Det blir lagt opp skjult elektrisk anlegg med brytarar og kontaktar i kvit utførelse. Automatsikringar, hovedsikring og målarar i eige sikringsskap. Antall punkter blir levert i henhold til den gjeldande standarden NEK 400 - 2014 og plassering blir fastsett saman med elektroentreprenør. Eventuelle tilvalg blir avtalt direkte med elektrikar.

Telefon / tv / bredbånd:
Det blir levert opplegg for telefon, bredbånd og TV. Kjøpar står sjølv for bestilling og tilkobling.

Ventilasjon:
Det blir levert balansert ventilasjonsanlegg med høgeffektiv varmegjenvinnar. Frisk, forvarma og rensa luft blir tilført oppholdsromma. Anlegget skal vera i kontinuerlig drift og sørga for eit sunt innemiljø.

Oppvarming:
Det blir lagt varmekablar i gang/hall i 1.etg, på bad og vaskerom/bod, samt bad i 2.etg. Boligen blir levert med peisovn med stålpipe fra Jøtul.

Isolasjon:
Ytterveggane i boligen er bygt opp av 198 mm bindingsverk. Mellomrommet mellom stolpane blir fylt med 200 mm mineralull. Innerveggane blir isoleret med 100 mm mineralull og ytterveggane med 400mm mineralull.

Generelle forhold:
Dette prospektet er meint som ein orientering om byggjeprosjektet og er ikkje bindande for den detaljerte utforminga av bebyggelsen. Alle opplysningar er derfor gitt med forbehold om at utbyggjar kan gjera mindre endringar viss dette skulle vise seg nødvendig eller ønskeleg. Illustrasjonar og plantegningar som er benytta i prospektet kan avvike fra verkeleg bygg. 1:100-tegningar og prosjektets beskrivelse går føre dette prospektet der det måtte vere avvik.

Generelle forhold

Dette er ein vertikaldelt tomannsbustad som er tilpassa skrå tomt. Leileghetane har inngang direkte inn på hovudplanet, noko som gjer ein herleg følelse av å bu høgt med god utsikt. Kvar leileghet er 113 kvm og har 4 soverom, 2 bad og vaskerom. Leilegheten passar alle aldersgrupper. I inngangspartiet er det gang med direkte tilgang til bad og garderobe. På hovudplanet er det allrom med kjøkken- og stoveløysning, bod og direkte utgang til overbygd terasse. I tillegg inneheld hovudplanet eit soverom, som ved enkle grep kan takast ut til fordel for ei større stove. I underetasjen er det 3 soverom i tillegg til bad, vaskerom og bod.

Ådlandslio 98 A, 5416 STORD

Loading map...
Les mer om nabolaget