Velkommen til Harpefossen, hyttegrenda som byr på alt ein aktiv familie ynskjer seg – året rundt. No har du moglegheit til å sikre deg ny hytte i fantastiske omgjevnadar, kun 15 minutt frå Nordfjordeid sentrum. Ski, fiske, sykkel, riding, kano og fjellturar er berre noko av opplevelsane som ventar på deg i naturen rundt hytteveggen.
Byggetrinn 1 består av 16 tomter regulert for utbygging av hytter frå Din Bustad sin dyktige leverandør og samarbeidspartnar Boligpartner. Salet startar no!

Om prosjektet

Din Bustad er stolt av å byggje ut feltet i samarbeid med Harpefossen hyttegrend og leverandør Boligparter. Vi legger ut for sal 16 hyttetomter regulert for hytter.

Med Harpefossen Skisenter og nærleiken til naturen rett utanfor hyttedøra, er dette den perfekte staden å ha hytte for den aktive familien. Her spenner du på deg skia og renner rett i løypenettet. Altså «ski inn/out».

Hyttetomtene er regulert for hytter frå BoligPartner. Med vårt breie sortiment av hyttemodellar har du mykje å velje i. Gjennom våre dyktige arkitektar, har du moglegheit til å få akkurat dei tilpassingane du ynskjer eller ei spesialteikna hytte om det er det du ynskjer.

Din Bustad AS hjelper deg med heile prosessen frå val og kjøp av tomt til ferdig hytte. Vi blir din trygge samarbeidspartnar som tilpassar hyttedraumen etter dine ynskjer og behov.

Utbygginga av infrastrukturen skjer i regi av Harpefossen Hyttegrend. Så snart vi har solgt tilstrekkeleg med tomter, så blir det oppstart med bygging av feltets infrastruktur

Sjå vår film om hytteområdet

Start filmen og sjå mer om Harpefossen og området rundt. Harpefossen hyttegrend ligger i Hjelmelandsdalen, kun 15 minutt frå Nordfjordeid sentrum og 60 km frå Måløy, i Sogn og Fjordane fylke. Her har du både urørt natur og urbane opplevelsar for alle sesongar i nærheita av hytta di.

Eit ekte paradis for den aktive familien

Ei hytte er ein fristad for alle familiens medlemmar, der gode opplevelsar og tid saman står i fokus. Idylliske og morosame Harpefossen byr på eventyr, attraksjonar og opplevelsar heile året for både store og små. Her kan den aktive familien boltre seg med ski i alle variantar, sykle langs nydelege stiar, gå tur i det friske fjellet, padle kano på eit av de mange glitrande fjellvatna, teste fiskelykken og mykje mykje meir. Her blir du del av eit område fullt av moglegheiter - rett utanfor hyttedøra! 

Unik natur rundt hytteveggen

Harpefossens omgjevnader viser fram det ville landet vårt frå si beste side. Her er det lett å la seg imponere av naturopplevelsar året rundt.

Oversikt over hytteområdet og tomtekart

Med desse illustrasjonane kan du sjå kart over området, eksempel på avstandar og sjå kvar tomtene ligg i forhald til kvarandre.

Kort veg til eit hyggeleg og levande sentrum

Eid sentrum er ein hyggeleg og sjarmerande tettstad. Eidsgata har flotte kafear med servering. Om sommaren er det gågate kvar helg og ofte eit yrande liv - kun 15 minutt frå hyttegrenda.

Dette er oss

Vær sikker på at ei hytte frå Din Bustad og BoligPartner er bygd med erfaring, kunnskap og fagleg dyktigheit. Dette har gjort oss til ein av Norges største leverandørar av trehus.

Din Bustad er stolt forhandlar av BoligPartner, og er samansett av eigarar som har lang erfaring i faget. Vårt mål som leverandør av bustad, er å levere kvalitet. Vi er din rådgjevar og samarbeidspartner gjennom hele byggeprosessen, frå fyrste møte til nøkkelen står i døra. Med oss kan du være sikker på at du går over dørstokken til ein trygg, sikker og smart fritidsbustad som er bygd for framtida og etter dagens strenge tekniske krav og standardar. - Til tryggheit for deg og dei du er glad i.

Besøk oss gjerne på Nordfjordeid der vi er lokalisert i «Skreddarhuset».

Bilder er levert av: Harpefossen Skisenter, Thomas Bickhardt, Stein Bjørhovde, Siri Lund og Mads Jonsson.